Universitets- og høgskolerådet (UHR) har fått i oppdrag frå UFD å koordinere arbeidet med å utvikle eit system for rapportering av data for vitskapleg publisering basert på bruk av bibliografiske data og autoritetsregister. Eit utval har jobba med å utvikle system for betre forskingsdokumentasjon, og sluttrapporten ligg no føre.
For dei som vil sette seg inn i detaljar om arbeidet som er gjort, kan ei lesing av sluttrapporten tilrådast. Eit besøk på UHR sine sider om prosjektet - Dokumentasjon av vitenskapelig publisering - kan også løne seg. Her ligg det samla mykje bakgrunnsstoff, m.a. lister over publikasjonar som blir rekna som vitenskaplege.
Frå departementetet si side er det eit mål at forskingskomponenten i budsjetta til universitetet og høgskular i større grad får ein resultatorientert profil. UFD skriv i St. prp. nr. 1 (2004-2005):
Departementet understrekar at den indikatoren som blir utviklar, skal nyttast som grunnlag for fordeling mellom institusjonane. Systemet vil derfor truleg måtte bli relativt grovmaska. Dette vil ikkje vere ein presis premiering av den enkelte forskaren og tilhøyrande forskingsresultat. Institusjonane må ha interne fordelingsmodellar som fører insentiva vidare ned i institusjonen.
(Sluttrapport, kap. 9.2)
Kva følgjer det nye systemet får for registreringspraksisen på HVO, er enno uklart. I 2005 skal det kome ein ny versjon av Forskdok som er tilpassa modellane som utvalet har kome fram til. Den nye Forskdok-versjonen er under uttesting, men vi veit ikkje når den er klar til å takast i bruk. Registreringar frå 2004 vil bli brukt som grunnlag for budsjettildeling:
For 2004 vil rapportering være begrenset til data som er av direkte relevans for UFDs budsjettbehandling. Data skal rapporteres på instituttnivå (forskningsutførende nivå), og skal gi grunnlag for å beregne publikasjonspoeng på institusjonsnivå basert på kvalitetsnivå, publikasjonsformer og vektede publikasjonstall.
(Sluttrapport, kap. 15.2)