![]() |
Vidareutdanning Kroppsøving 1 30 stp. Kroppsøving 2 30 stp. Friluftsliv halvårsstudium 30 stp. Friluftsliv fordjupningsstudium 30 stp. Skiutdanning 30 stp. Utefag 30 stp.
Etterutdanning ”KOMPETANSELØFTET” I heftet om ”Kompetanse for utvikling. Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005 – 2008” frå Utdannings- og forskningsdept. er ”Fysisk aktivitet” med som eit satsingsområde. I sum kan vi sjå at både norske styresmakter, og styresmakter i andre land etter kvart har ei klar forståing av at den daglege fysiske aktiviteten har gått vesentleg tilbake, og at dette har fått ein tydeleg og sterkt urovekkande innverknad på folkehelsa. Slik vi les heftet om ”Kompetanse for utvikling” snakkar ein her ikkje om først og fremst om ei styrking av kroppsøvingsfaget, men om tiltak som meir generelt kan gje større aktivitet i kvardagen, i skulen, skulefritidsordninga og i barnehagen. Og som i vidare samanheng også kan motivere til auka fysisk aktivitet i fritida. I Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005 – 2009 (Sammen for fysisk aktivitet) heiter det mellom anna: ”---Det er i hverdagen de store utfordringane ligger med hensyn til å øke aktivitetsnivået i befolkningen. For barn og ungdom er det særlig på tre arenaer det kan legges rammer for fysisk aktivitet: barnehage, skole og skolefritidsordningar. ----- I samband med ”Kompetanseløftet” har Avdeling for lærarutdanning/HVO sett Fysisk aktivitet som eit av dei områda ein vil prioritere, og kroppsøvingsseksjonen er utfordra til å stille opp i denne samanhengen. Skal ein ta denne utfordringa på alvor, må ein tenkje nytt på fleire felt, og ein må knyte saman miljø med ulik kompetanse for å kunne påverke eit heilskapsbilete. Ved kroppsøvingsseksjonen kan vi tenkje oss å gå inn i eit samarbeid med kommunar/skular for å drøfte og utvikle best mogelege vilkår for auka, helsebringande fysisk kvardagsaktivitet, der ein kan nærme seg dei mål som er sette i dei meldingane som er nemnt ovanfor. Vi trur at ei slik utvikling mellom anna vil innebere:
| ||
|
Kontaktinformasjon: Oddbjørn Nes |
Aktuelle lenker: | ||