Reportasjearbeid i framand kultur

Avdeling for mediefag sine undervisingsbygg ved Høgskulen i Volda

Reportasjearbeid i framand kultur - samarbeid med Mangalore University

Emnet Reportasjearbeid i framand kultur skal inngå som del av eit bachelorstudium i journalistikk ved Høgskulen i Volda. Studentane må ha tatt minst 60 studiepoeng ved HVO for å være kvalifisert til å få opptak på studiet (minimum Journalistikk 1, MEV 1 og MEV 2). Studentane må skrive ein motivasjonssøknad på engelsk i tillegg til å møte til eit intervju med opptakskomiteen. Intervjuet er på engelsk. Talet på studentar som blir tatt opp til studiet blir mellom 8 og 12.

Målet med studiet er å gi trening i å arbeide journalistisk i ein framand kultur og i å lage reportasjar. Studentane får ei innføring i viktige sider ved kulturen, historia, massemedia og dagleglivet i India. Gjennom opphaldet i utlandet skal studentane få auka forståinga for andre kulturar og på den måten få andre faglege perspektiv. Studiet vil også gi studentane betre engelskkunnskapar.

Les meir

Les meir om dei valfrie emna ved Avdeling for mediefag i 
Studiehandboka 

 Her finner du det lokale søknadsskjemaet