Framtida sine informasjonsforvaltarar |  - Lykke til folkens!
Skriv ut Sideoversikt |  

Nettpraksis BA Info&Media / Gamle prosjekt, ikkje rediger! / INF 112 -- 2006 / Gruppe 4 / Førstesida /


Lidenskapeleg raudt

Alt det raude på sida tek merksemda, og det andre blir mindre prioritert. Fordi raudt er ein farge som tiltrekk seg lesarane si merksemd, bør den brukast på det som er det viktigaste på sida.

Det som med ein gong tek merksemda er det som framstår som logoen til Rikskonsertene, den raude sirkelforma konstruksjonen. Deretter går blikkfanget vidare til dei to bilda nedanfor og til teksten.

Lenkene er plassert på venstresida. Det er der vi er vande med å sjå lenkene, så dette gjer sida oversikteleg. Det negative er at vi heile tida må scrolle ned for å lese alt innhaldet på sida, og nokre av bilda blir delte i to.

Tydelig målsetning og avsendar

Rikskonsertene opplyser at i år 2006 skal dei gi unge og gamle meir enn ni tusen konsertar, og at desse er toppartister i alle sjangrar frå heile verda. Målsetninga med sida er å informere om komande konsertar, og samtidig presentere dei ulike artistane.

Avsendaren er tydelig. Det første vi les på førstesida er ”Velkommen til rikskonsertene”.

Terningkast: 3

Skjermdump av forsiden på rikskonsertene.no
Skjermdump: Rikskonsertene.no



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 23.02.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning