Fare for fingerbetennelse

Innhaldet til rikskonsertene.no består av å opplyse om komande konsertar, artistar og kva Rikskonsertene er og gjer. Mykje tekst fører til mykje scrolling som verker negativt inn på heilskapsinntrykket.

Sida fortel om hovudmål og delmål til Rikskonsertene, og det er lett å identifisere kven som står bak sida. Det er også mogleg å lese noko på engelsk, ellers så er både bokmål og nynorsk brukt. Det er lenker med informasjon om siste nytt, konserter, informasjon om ulike konsertordningar, internasjonal verksemd og ein link til pressebilde på sida. Det er også bilde av diverse artistar med informasjon om musikken og turnéperiode.

Grunn struktur
Sida har mykje informasjon, men er all informasjonen eigentleg nødvendig? Om ein er usikker på kva Rikskonsertene er, kjem lesaren definitivt til å føle seg klokare etter å ha lest ”om oss”. Dette er ikkje ein side du tilfeldigvis kjem innom. Lurer du på kva slags konserter som kjem i mars, er det enkelt å finne ut ved å klikke på ”siste nytt” der titlane tydelig får fram kva artist/band det er snakk om. Språket er munnleg og kvart avsnitt har ein ny tanke.


Foto: Mikal Vassbotn/Datarock

Vanskelig å finne fram kontaktinformasjon
Sida verker seriøs og truverdig. Både telefonnummer, e-post og adresse er lagt ut, men vil Rikskonsertene bli kontakta? Sida har ikkje eigen link til kontaktinformasjon, og vi må scrolle oss til nedste del av sida for å finne den.

Sida blei sist oppdatert 14. februar 2006. Det at vi heile tida må scrolle så mykje gjer at sida ikkje er så godt tilrettelagt for web, og utskriftskvaliteten er heller dårleg. Det positive er den korte nedlastingstida.

Terningkast: 3