Kringkastarararar
Sjølv om stikkorda for gruppe 1 sin prosjektpraksis er 'museum' og '80 år gamal dame' påstår Marte, Lubna, Linda og Lars Vegard at arbeidet er både spanande og lærerikt. Gruppe 1 lagar heimeside for Vigra Kringkastar. (Foto: Ellen Havåg Bjørlo)

- Vi hjelper ei kul dame på minst 80 år å lage ei nettside for ein gamal kringkastingsstasjon, og det er faktisk veldig spanande, fortel Marte engasjert.
- Marte, du kan få lov å seie kva du eigentleg meinar om praksisen, eg behøver ikkje å skrive at det er akkurat du som...
- Nei, men eg meiner det! Vi føler vi gjer eit reelt arbeid. Dette er ikkje berre noko vi finn på, vi hjelper faktisk ein reell organisasjon. Dette er ikkje berre eit prosjektarbeid på papiret, og som vert kasta etterpå. Det er interessant, og det meinar vi innerst inne!
- Ja, og Turid, som den gamle dama heiter, ho er ikkje dum, ho veit faktisk kva google er, opplyser Linda.
Gratis domene
Lars Vegard fortel at ein hyggeleg, tysk nettstad har gitt dei eit gratis domene i Trinidad og Tobago.
- Det var flott vi fikk det gratis, for Turid og gjengen treng så absolutt ein nettstad!
- Men sida kjem ikkje til å oppdatert frå Turid si side akkurat, humrar Marte.
Museum?
- Men kva er eigentleg denne gamle kringkastingsstasjonen, undrar Internsvelas utsendte.
- Vel, det er eit slags museum..., prøvar Marte seg på.
- Nei, vent! Dei vil jo ikkje kalle seg eit museum! For det skapar for store forhåpningar, seier Linda.
- Men kva er det dei vil då?
- Dei vil ha fleire besøkande til å kome og sjå gamle bilete og gamalt radioutstyr, fortel Linda.
- Besøkande i det heile tatt, kjem det tørt frå Lars Vegard.
- Ja, det er jo sant. For det er jo eit heilt nytt eh, javel då, MUSEUM!
- Men folka er gamle, ler Marte.
Samarbeid
- Kva trur dokke om resten av praksisperioden?
- Gruppa fungerer bra, og vi tek det meste på strak arm. Men berre ei veke om gongen, seier Marte.
Men før Marte er ferdig med å skryte av gruppa si, kastar Lubna seg plutseleg over Lars Vegard som sit og skriv på ein PC.
- Eg har lurt på kvifor sida vår plutseleg er skrive på nynorsk, men no skjønar eg det!
Det er deg! Det er deg, Lars Vegard!
- Ja, du skulle berre briefe med nynorsken din du, ropar Marte og Linda.
Lars Vegard ser rådvill ut. - Eeeehh:... 30 % nynorskkvote?
Sjekk ut sida på www.vigrakringkastar.it.tt