|
Servering av god drikke og spekemat i historiske omgjevnader er midt i blinken for ei gruppe studentar på informasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda. – Dette er kjempekjekt, seier studenten Kai Knutsen entusiastisk.
 Studentane var på synfaring av det flotte museumsbygget til Jan Krogsæter
Førsteårsstudentane ved informasjonsutdanninga er i gang med ei åtte veker lang internpraksisperiode. Gruppa til Anette Rasmussen, Helle Nærø, Pål Flodin Andersen og Kai Knutsen, har fått i oppdrag å lage ein informasjonsplan og strategi for Jan Krogsæter. På tomta hans på Sætergården i Tennfjord, som ligg i Haram kommune er det gjort arkeologiske funn frå istida, som er heile 9500 år gamle.
Sensasjonelle funn Då det skulle byggjast på tomta til Krogsæter i 1997, fann arkeologar ulike gjenstandar som spydspissar og økser, som er dei eldste funna av denne typen som er gjort på sunnmøre, fortel studentane. – Krogsæter har bygt eit hus som skal fungere som museum og no har han lyst å få blest om staden. Vi skal hjelpe han å utarbeide ein strategi for at han skal få merksemd rundt museet, forklarar Kai Knutsen og Pål Flodin Andersen.
Treng pengar Det har vore mange dyre utlegg for Krogsæter, og alt som er gjort hittil har han finansiert sjølv. No treng han pengar til å få laga kopiar av funna som vart gjorde. Knutsen fortel at gjenstandane ligg nedlåst på eit museum i Bergen, noko som Krogsæter syns er synd. – Han vil gjerne få vist fram dei unike funna og sidan det er uaktuelt å stille ut originalane, må han ut med 5000 kroner for kvar kopi han skal få laga av gjenstandane, seier Flodin Andersen og Knutsen. Første steg på informasjonsplanen studentane utarbeidar vert difor å lage eit opplegg så Krogsæter kan få samla inn pengar for å realisere draumen sin. – Vi har mellom anna laga powerpoint-presentasjonar og ein profil for museet som han kan nytte når han skal selje ideen sin til det lokale næringslivet, fortel Kai Knutsen.
Spennande for skuleelevar Arbeidet vidare avheng av at han får samla inn nok pengar, noko informasjonsstudentane har god tru på. – Vi har lagt opp ein strategi vidare so bygger på at han klarer å få nok pengar, forklarar studentane. – Den største og mest aktuelle målgruppa er heilt klart skuleklasser frå nærmiljøet og regionen elles. Det er ein ypparleg måte å komme seg ut av klasserommet og samstundes få undervisning på, meiner Kai Knutsen. På nabotomta er det ei landgrav frå vikingtida, noko som tilfører ytterlegare historisk sus til staden meiner studentane.
Nyttig praksis Alle studentane i gruppa er samde om at det har vore ein artig og lærerik praksisperiode. Pål Flodin Andersen seier at han det er spennande å få jobbe med eit prosjekt som har røter i verkelegheita. – Vi har møtt ein person som har ei utfordring vi skal forsøke å hjelpe han med. Dette gjer at vi føler oss ekstra forplikta og motivert til å gjere denne jobben, meiner han.
For lite tid Det er ikkje lagt opp til at studentane skal følgje opp prosjektet etter dei to vekene er omme, men om Krogsæter spør stiller eg sjølvsagt opp, seier Flodin Andersen. Han og medstudent Kai Knutsen er samstemde om at to veker er for knapt til eit så omfattande prosjekt. – Vi skulle gjerne sett at ein større del av praksisperioden vår var sett av til dette prosjektet, seier dei to studentane som føler det er veldig relevant for utdanninga. – Det blir litt for kort tid til å gjere alt vi ønskjer, forklarar dei.
|