”Eg vil møte deg” Program for Eg vil møte deg. Marie Takvam 80 år. Fredag 27. oktober 2006.
Tekstklipp frå Marie Takvam sin roman ”Brevet frå Alexandra." Programleiar: Janne Karin Støylen
Atterhald om mindre endringar i programmet.
Marie Takvam 80 år
Jubileumsseminar på Høgskulen i Volda, Berte Kanutte, store aud.
Fredag 27. oktober 2006

Marie Takvam fyller 80 år i desember 2006.
Lyrikaren frå Hjørundfjorden har ein stor lesarkrins som stadig går attende til dikta ho har skrive. Ho er og kjend for barnelitteratur og som barnetimeforteljar.
Høgskulen i Volda vil gjerne heidre denne markante lyrikaren med eit eige jubileumsseminar, og inviterar alle interesserte til å kome til Volda denne dagen seint i oktober.
Seminaret er ope for alle. Det er inga seminaravgift, men dei som ynskjer å ta del på middagen må melde frå om dette seinast 24. oktober til eirik.bech@hivolda.no. Middagen kostar 200 kroner, og vert halden på studenthuset Rokken i Volda sentrum.
I høgskulebiblioteket vil det vere ei Marie Takvam-utstilling utlånt av Nynorsk kultursentrum.
Jubileumsseminar ved Høgskulen i Volda,
11.30
Opningsdikt: Dialog av ”Dåp under sju stjerner” og ”Eg vil møte deg” ved Gunhild Hovden Kvangarsnes og Ragnhild Vannebo. Opning ved Rakel Christina Granaas.
11.40
Ottar Grepstad: Den folkekjære og omstridde utbrytaren.
12.00
”Barndomsminne” ved GHK
Magnus Takvam: Levd liv - sonen Magnus fortel om utvalde dikt.
12.45
”Paradis?” ved GHK
Ingjerd Traavik: Tapt og funnet. Maria og katten i Venezia.
Kjell Arild Madssen: Marie Takvam som barnetimeforteljar
13.20
”Song til lyset” ved GHK.
Jan Inge Sørbø: Biografien som forminsking. Om tolkinga av Marie Takvam
14.00
Kaffi og sveler til sals i kantina
14.30
”For journalisten”
Unn Conradi Andersen: Det offentlege rommet og Marie Takvam.
Om det nemnelege og det unemnelege.
15.10
Ordskifte.
15.30
Ragnhild Vannebo: Monolog frå Alexandra.
16.00
Avslutning.
21.00
Konsert og plateslepp på Rokken Scene: Gruppa Kvann: Eg vil møte deg. Tonesette dikt av Marie Takvam.
Lytt til musikk av Kvann (mp3.fil)
Du kan laste ned ein faldar om seminaret som pdf-fil.
Arrangementet er i samarbeid med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Innleiarane: