[ Desse sidene vert kontinuerleg oppdatert med informasjon om val av studentrepresentantar 15. november og val av rektor ved Høgskulen i Volda 29. og 30. november. ]
Sjå presentasjon av kandidatar til rektorvalet på www.hivolda.no/rektorval
15. november vert det halde val av studentrepresentantar til Høgskulestyret.
Kandidatar:
* Du finn stemmesetlar og konvoluttar til bruk ved førehandsvalet plassert i BK-ekspedisjonen.
* Der er og valurna plassert.
* Vallokalet har opningstid kl. 0800-1545
* Det er 4 kandidatar, men du skal berre gi di stemme til to av kandidatane.
* Stemmetelen skal du putte i ein blank konvolutt.
* Denne konvolutten legg du deretter i ein større konvolutt der du må fylle ut framsida.
* Den som er valvakt i BK-ekspedisjonen, vil så kontrollere at du står i manntalet, før du får sleppe den merka konvolutten ned i urna.
For å ta del i valet må ein vere registrert som student og slik stå oppført i manntalet.
Manntalet er det same som registrerte studentar. Manntalet for studentar gjeld også rektorvalet seinare i haust.
Dei som ikkje står oppført i manntalet har klagefrist 1. november.
Ta personleg kontakt med studentkontoret, 1. etg. i Berte Kanutte-huset dersom ein ikkje er registrert i Studentweb. (manntalsført).
Nomineringsprosessen
Ein kan nominere kandidatar til val i perioden frå 6. oktober til 23. oktober i urna i Berte Kanutte-huset.
Les meir i valreglementet om nominasjon og gjennomføring av val.
Last ned nominasjonssetel eller hent denne i resepsjonen i Berte Kanutte-huset og Henrik Kaarstad-huset.