HVO jobbar jamnt og trutt med å tilpasse bygningar og studier til standarden "universell utforming". Ettersom HVO held til i 14 bygningar bygd i perioden 1922 til 2002 er den bygningsmessige standarden svært ulik over campus. Arbeidet vil derfor ta tid, men mykje er allereie gjort.
I arbeidet med bygningane vert desse områda prioritert:
- tilgang til bygningane (ytre dører)
- toalett for alle (HC-toalett)
- teleslynger i dei store undervisingsroma
- tilgang til undervisingsrom
Status på dei ymse områda finn du i menyen til venstre