Kva er Eduroam ?

EDUROAM er eit samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar som skal gjere det mogeleg for ein student eller tilsett ved ein utdanninsinstitusjon, med sitt vanlige brukernavn, å logge på det trådlause nettet til den institusjonen ein besøkjer.

Til dømes vil tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda kunne logge seg på EDUROAM-nettverk andre stadar i verden med <brukarnamn>@hivolda.no.

Besøkjande frå andre utdanningsinstitusjonar som deltek i EDUROAM, vil kunne logge seg på Høgskulen i Volda sitt trådlause nettverk med sitt eige brukernamn fra utdanningsintitusjonen dei kjem frå.

I og med alle EDUROAM-deltakarane må ha eitt trådlaust nettverk med namnet EDUROAM, vil ein automatisk kunne koble seg opp til desse netta uten å måtte opprette eigne trådlause tilkoplingar og innstillingar på PC-en. Den same trådlause oppkoblinga som vert brukt ved HVO skal ein kunne bruke ved andre institusjonar.

Meir informasjon om EDUROAM og kva for nokre institusjonar som deltek, finn du på http://www.eduroam.no og http://www.eduroam.org.