Framtida sine informasjonsforvaltarar |  - Lykke til folkens!
Skriv ut Sideoversikt |  

Nettpraksis BA Info&Media / NETTPRAKSIS INF212 / Redaksjonsgruppe 4 / Selkjøt og hakapik /

Med lukt av hakapik og selkjøt på Ishavsmuseet

Isande kulde og oppkava hav. Knirkande treverk og kraftige smell. Fangstbåtar i kamp mot store isflak.

Laurdag ettermiddag arrangerte forskingsdagane tur til Ishavsmuseet på Brandal. Sunnmørsk fiskeri og fangst i Nordområda gjennom heile 1900-talet stod i fokus. Over hundre menneske møtte for å få med seg foredraga.

Forsking i Vesterisen
Sverre Sundalsfoll er overlege ved sjukehuset i Volda. Sundalsfoll viste film og bilete frå ein tur han var med på til Vesterisen i 1980, då han fylgde med som lege på båten Harmoni.

- Harmoni var utrusta som hjelpeskip for dei andre båtane i Vesterisen, med medisin og forskingsutstyr. Her var også to telegrafistar som skulle sende vêrrapportar kvar fjerde time til Jan Mayen og Tromsø, og ein froskemann, seier Sundalsfoll.

Bileta og filmen viste jakt på sel i store, kvite isområde. Raud snø, kvite selungar og flåing av dyr på båtdekk. Ikkje akkurat bilete for den svake. Men også av vill natur og flotte solnedgangar over isen.

Effektive fangstmenn frå Sunnmøre

Historikaren Arnljot Løseth ved Høgskulen i Volda fortalde om sunnmørsk selfangst på 1900-talet. Tilhøyrarane fekk mellom anna høyre om fangstflåten, dei ulike fiske- og fangstfelta i dei ulike tidene og forlis. 

Johan Ottesen kjem frå Ulsteinvik og var ein av dei frammøtte. Han er lokalhistorikar med stor kunnskap om båtar. Pausen var eit naturleg utganspunkt for å diskutere med foredragshaldarane.
T.v. Johan Ottesen, Arnljot Løseth, Sverre Sundalsfoll og Kristian Fuglseth (arrangør, Høgskulen i Volda).

Sunnmøringane dreiv effektiv. Båtane var kombinasjonsfarty, som passa både fiske og fangst. Det vart jakta mykje på grønlandssel og klappmyss, men også storkobbe, kvalross og isbjørn. Utover 1900-talet eit stykke, var båtar med segl og damp vanleg. Etter kvart tok motorkraft over.

- Fangstfelta varierte opp gjennom 1900-talet. Med mange båtar på havet, måtte dei fordele seg på dei ulike fiske- og fangstfelta. Men også overutnytting av ein bestand gjorde at ein måtte finne nye stadar å jakte, fortel Løseth.

Vesterisen mellom Grønland og Jan Mayen, Kvitsjøen ved Kolahalvøya, Austisen nord for Kvitsjøen og Newfoundland-feltet var av dei større felta.

Det var ikkje heilt risikofritt å reise på fiskeri og fangst. Kvitsjøen hadde flest forlis, men få omkom.

- I Vesterisen var stormane sterkare og hadde farlegare forhold. Men sjølv om her var færre forlis, var tapet av menneskeliv større. Det var langt mellom båtane og langt til land. Ei av dei verste ulykkene skjedde i Vesterisen april 1952, fortel Løseth, og legg til at fem båtar frå Sunnmøre og Troms og til saman 78 mann forsvann.

Vellykka arrangement
Arrangementet på Ishavsmuseet tiltrekte seg eit svært interessert publikum og vart ei heilt spesiell oppleving mellom alle dei marine gjenstandane og den spesielle lukta i museet. Etter foredraget serverte museet selgryte som fekk mykje skryt. Ei fin oppleving for dei frammøtte, som blant anna var tidlegare fangstmenn, slektningar og andre interesserte.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 08.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning