Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Nettpraksis BA Info&Media / NETTPRAKSIS INF212 / Gruppe 2 / Det nye norske vi /

Det nye norske vi

Vesle BK var stappa til randen då forskningsdagane inviterte til eit foredrag om interkulturell forståing i journalistikken og om dette kan sjåast på som eindel av samfunnsoppdraget. Innleggar var stipendiat Gunn Bjørnsen som la vekt på Norge som eit multikulturelt samfunn.

 

 

Under den halvtimes lange innlegget gjekk Bjørnsen fort igjennom kva som eigentleg skal vere ein journalist si oppgåve. – Skal ein journalist bygge bruer, eller skal han skape debatt?, var eit av dei retoriske spørsmåla som Bjørnsen stilte. Ho sa vidare at Norge vert for mange oppfatta som eit monokulturelt samfunn trass i at det ikkje er sånn.  Bjørnsen presiserte at det journalistiske samfunnsoppdraget handlar om at det skal vere ein slags ”garantist” for demokratiet, kven kjem eigentleg til orde?

 

Ho problematiserte vidare at sidan Norge no er eit multikulturelt samfunn så er det då eit problem at det er så få journalistar med ein annan etnisk bakgrunn enn den norske. Norge er ikkje på same måte som det eingang var, og nordmenn er ikkje ei homogen gruppe. Bjørnsen siterte Jonas Gahr Støre som for ei tid tilbake kommenterte denne problematikken ved at det var vokse fram ein ny type ”norskdom” : ”det nye norske vi.”

 

 – Pressen er ein av dei viktigaste aktørane for minoritetar, eller oppfattninga av minoritetar sa Bjørnsen vidare.  Her satte ho innvandrarar i bås, under temaet ”Pressens innvandrarbilete”, og ho gjekk inn på i kva slags kontekst vert innvandrarar skildra i den norske pressa.

 

-          Vi har den vellukka innvandraren og denne ser vi helst i sport. Ingen er så norsk som Carew når han scorar mål! Sa ho og vart møtt med ein litt anerkjennende latter ifrå dei frammøtte. - Det mest vanlege er vel ”den kriminelle”, har det nokon nyhendeverdi å oppgje den etniske bakgrunnen til den som har utført noko kriminelt? –I andre situasjonar ser man ”det fortvilte offer” som til dømes fortvilte asylsøkarar som har fått avslag. Desse er dei mest brukte kategoriane i norsk presse når det gjeld innvandrarar, men det finnest også fleire som til dømes den integrerte, som vi ser altfor sjeldan, den passive og den framandkulturelle muslimen sa Bjørnsen og då med vekt på framand i framandkulturelle.

 

Det var mange journaliststudentar til stades i salen og dei har lært at nyheitskriteria pregar dekninga, som til dømes konflikt, identifikasjon og sensasjon. Er det då lett for journalistar å skape stereotyper og fordommar? Spør Bjørnsen. – Etter Benjamin-drapet gjekk fleire ut å sa at ” journalistar skaper rasisme”. Her kom Gunn også inn på at kva ord ein vel har veldig mykje å sei for oppfatninga av ei sak. – Skal man kalle det æresdrap eller familietragedie? Skal man kalle det tvangsekteskap eller arrangert ekteskap? Ord er mektige våpen, dei konstruerer røyndommen sa ho.

 

- Det er eit demokratisk prinsipp at pressekorpset skal spegle befolkningssammensetninga sa Bjørnsen avslutningsvis. Der har vi nok ein jobb å gjere skal pressekorpset avspegle Støres: ”det nye norske vi”.

 

Skrive av: Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim 04.10.2007

 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim 31.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning