|
Velkomen til Nettpraksis
Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4 Gruppe 5
Vevutvikling - kort rettleiing
- Hugs at det du skriv inn på desse sidene vert synleg for omverda.
- Bruk skriftstørrelse 2, skrifttype Arial.
- Legg ikkje ut meir enn tre bilete. Desse må ikkje vere større enn 7 cm breide og 4 cm høge. ( 520bp * ca proposjonal storleik - horisontale bilete er best) Pass på at bileta har ei oppløysing på 72 bildepunkt per kvadrattomme.
- Bileta kan leggast i tabellar for å plassere dei rett. Set tabellbreidd til 100%, border bør vere 0, cellpadding og cellspacing kan vere 2.
- Bileta skal vera i fargar. (RGB)
- Bruk helst ikkje andre fargar enn svart på tekst og kvit på bakgrunn.
- Pass på å ikkje legge ut for lange tekstar - då dette gir lita brukarvenlegheit.
- For å lenke til tilsettsidene på www.tilsett.hivolda.no kan du opne desse i eit anna vindauge for å kopierer ut URLen frå adressefeltet - opne jordklodeiconet i editoren - og lime URLen inn her. Bruk mål (target_) "blank" dersom du opnar eit vevområde som ikkje tilhøyrer HVO-veven, og "self" dersom du vil sida skal opnast i det same vindauget.
Korleis skriva for verdsveven Før du gjer noko i det heile, bør du ha klart for deg kvifor du vil publisera på veven. Å tenkje gjennom kven du ynskjer å henvenda deg til, kvifor du ynskjer det, og kva du ynskjer å formidla, gjer det lettare å strukturera informasjonen din
- Å skriva for verdensveven er annleis enn å skriva for eit trykt medium, på same måten som det å skriva ei pressemelding er noko anna enn å skriva ein forskningsrapport
- Verdensveven er eit overflatisk medium. At fordi lesaren kjem til sida di, betyr ikkje at han kjem til å lesa det som står der. Fire av fem lesarar skumles sidene dine. Derfor:
- Plassèr det viktigaste godt synlig
- Bruk "den omvendte pyramiden", dvs. ordna innhaldet etter viktigheitsgrad (eller endå betre: legg det på kvar sine sider, der det er råd)
- Bruk fornuftige mellomtitlar, og uthev nøkkelord
- Skriv enkelt og tydelig. Reduser ordmengda med minst 50 % i forhold til trykte media
- Bruk gjerne lister (slik som denne)
- Legg vekt på det interessante. På den andre sida: ikkje fall for freistinga til å lova meir enn du kan halda i mellomtitlar/peikartekstar for å lokka lesaren dit du vil ha han. Då blir han sur
- Velg ein fornuftig tittel til kvar side, slik at eventuelle søk vil gje eit korrekt bilete av kva ein venta å finna der. Hugs at den ofte vil bli lista opp i alfabetisk rekkjefylgje. Derfor bør det mest sentrale ordet koma fyrst
- Gjer det tydeleg kva som er peikarar. La lesaren sleppa å gjetta
- Bruk gjerne grafikk for å friska opp sidene dine. Men hugs samstundes på at mykje grafikk gjer sidene tunge å lasta. Måtehald er viktig. Hugs òg på at ein del lesarar brukar tekstbaserte nettlesarar i ei eller anna form. Derfor må du aldri leggja viktig informasjon berre i grafikken. Trykk på biletikonet ein gong til for å leggja til ein tekst for flyt over bilete. Denne kan beskriva innhaldet i biletet.
- Gjer det lett for lesaren å manøvrera i sidene dine. Set deg inn i andre sin tankegang.
- Dersom du vil presentera større mengder tekst, kan du laga ein eigen fil som brukaren kan lasta ned, f.eks. i PDF-format. Det er ein god ide å laga ein kortversjon i HTML-format, for å gjera det lettare for lesaren å avgjera om det er bryet verdt å lasta ned alt. Du kan eventuelt nytta designmalen "blank" for at den nye informasjonen skal kome opp i eit eige, blankt vindauge.
- Offisielle sider for HVO skal ha den offisielle HVO-vev profilen som er styrt gjennom designmalen.
- Oppdatering er viktig. Er du ikkje sikker på at informasjonen er tidlaus, må du forsikra deg om at den vert oppdatert, enten av deg sjølv eller andre. Er du ikkje sikker på at oppdatering kjem til å bli fulgt opp, bør du avblåsa heile greia
- Sjekk dokumentet ditt jevnlig for lenkeråte (dvs. peikarar som ikkje virkar lenger fordi sidene dei peikar til, er blitt flytta eller sletta), dersom du har peikarar til dokument som vert vedlikehaldne av andre
Lykke til. mvh Kristian Informasjonskontoret
|