Myklebust er utdanna sosionom og har dei siste tre åra jobba som attføringskonsulent ved NAV-Ørsta. Ho presiserer at rådgjevingstenesta er gratis, og tilgjengeleg for studentane måndag, onsdag og torsdag frå kl. 09.00- 15.00.

Studentrådgjevar Ann-Kristin Myklebust oppmodar studentar om å ta kontakt.
Koselige, men litt bortgøymde lokale
Vi møter studentrådgjevaren på kontoret hennar i Lettbygget, kontorbygget aust for Strøm-huset. Rommet er lyst og triveleg innreid og gir ei koseleg og intim ramme som høver seg godt for individuelle samtalar.
- Det som er flott er at her kan studentane kome når det passar dei. Døra er open så sant ingen er inne til samtale. I så fall kan vi avtale tid og det er sjeldan lang ventetid, seier ho.
Informasjon om kva ein som student kan ha krav på
- Bakgrunnen frå NAV er god å ha med seg i denne jobben, seier Myklebust. I tillegg til å vere eit velferdstilbod kan ein få hjelp til å finne ut av kva ein som student har krav på, seier ho. Som eksempel nemner ho rettleiing ved stryk til eksamen, og stønadsformer som helsefond og helsekasse.
- Dersom ein har kronisk sjukdom eller andre helseproblem kan det vere aktuelt å søke her, seier Myklebust. For meir informasjon om dette kan ein gå inn på Studentsamskipnaden si nettside.
Ufarleg å ta kontakt
Ann-Kristin oppmodar studentar om å tak kontakt. Dette er eit ufarleg rådgjevingstilbod med plass for små og store utfordringar, understrekar ho.