Synlege strategiar

Ole Martinius Breivik(21) er ny leiar i Studenttinget i Volda (STIV) og har klore formeiningar om kva som er målsetningane for det komande året i leiarstolen. – Eg ynskjer å gjere STIV meir synleg og eg har nokre klare strategiar om korleis vi skal nå desse måla, seier den nye leiaren entusiastisk.

 

For å gjere STIV meir synleg så vil han legge fokus på dei ulike organisasjonane som er tilgjengelege for studentane ved høgkulen. På denne måten så vil studentane kunne skilje mellom dei ulike og det vil vere første steget på vegen mot eit meir tydleg og synleg studentting. Han var leiar i studentsamfunnet siste året og har lært mykje om korleis desse har jobba med å marknadsføre seg sjølve og gjort dette med stil.

 

- Alle veit kva studentsamfunnet er, men det er eit fåtal av studentane som kan fortelje om kva saker STIV arbeider med, seier Ole Martinius. Han seier vidare at han trur noko av grunnen til dette er at studentsamfunnet har hatt mykje spennande konsertar og eller spenstige saker, medan STIV har hatt ein meir seriøs profil og seriøse saker.

 

-         Eg trur ikkje berre det har med sakens natur å gjere, men det har også mykje med profilering og marknadsføring å gjere. Derfor har vi nye strategiar her ved at vi jobbar med dette med å synleggjere STIV med å arbeide med ei ny nettside som vil gjere oss meir tilgjengelege for studentane seier Ole.

 

Denne nettsida vil innhalde ein ny kontakt-side som forløbig dei kallar ”klikk og klag”. Med dette verktøyet så kan studentane ta kontakt med STIV og fortelje om kva som kan forbetrast ved høgskulen. Desse sidene er under arbeid og vil bli testa på ei ei fokus-gruppe: eit utval gruppe studentar som vil bli satt til å gjennomføre ulike operasjonar på nettsidene for å sjekke om informasjonen er lett tilgjengeleg og at det er lett å finne fram der.

 

Trass sin unge alder har Ole Martinius lang leiarerfaring. Han starta allereie i ungdomsskulealder med leiarverv, då første gang i elevrådet.

 

 

                                                                                                   Av Marte C.W.Solheim