Kjønnssjukdomen klamydia florerar blant studentane i Volda. Aldersgruppa 20 – 25 år er mest utsett, både i Volda og på landsbasis.
Mari Heltne er utdanna jordmor og jobbar ein dag i veka på helsestasjonen ved Høgskulen i Volda. Ho har nokre forklaringar på kvifor denne aldersgruppa er mest utsett.
- Som tjueåringar står ein gjerne overfor ei ny fase i livet. Dei skal flytte heimafrå og etablere seg. Mange lever då eit utsvevande liv med mykje alkohol og sex, fortel Heltne.
Farlig smitte
I 2006 testa 108 studentar i Volda seg for klamydia ved helsestasjonen, der 18 av dei var smitta. I 2007 var det 77 som testa seg og 18 var smitta. Dette kan tyde på ein auke i talet på klamydiatilfelle blant studentar. Problemet er at den smitta gjerne ikkje veit det sjølv.
|
|
Gratis kondomar og student-helsestasjon Sikker sex Gratis kondomar ligg i ei skål utanfor kontoret til helsesøster i Lettbygget. Her er det berre for studentane å forsyne seg. |
Typiske symptom for menn er:
- svie og smerter ved vannlating
- utflod frå urinrøret
- smerter i pungen
- svie og utflod frå endetarmsopninga
Typiske symptom for kvinner er:
- svie og smerter ved vannlating
- unormale blødningar og utflod
- smerter i underlivet
- svie og utflod frå endetarmsopning
Meir informasjon
”Klamydia er deilig å få men ikkje noko å spare på”, (brosjyre frå helse- og sosialdirektoratet).
http://www.unghelse.no/
http://www.klara-klok.no/
http://www.seksuellopplysning.no/
Av Janita Mo