Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 08-09
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Nettsvela / Ein viktig del av kulturen /

Ein viktig del av kulturen

Mat er ein viktig del av kulturen, noko mange av standane på Internasjonal dag valde å utnytte. Ungarns stand kunne til og med by på drikkevarer.

Luis Casanova presenterte Spania. – Eg burde kanskje servert Tapas, men omelett med potet er ein tradisjonell spansk rett, fortel Luis som laga retten kvelden før. – Eg turte ikkje å smake i frykt for å ete opp alle omelettane, så eg håper dei er etande, spør Luis.

Luis hadde ikkje fått prøvesmakt omelettane, men etter at Pikachu (her personifisert ved Tengyo Kura) åt ein heil tallerken åleine var det ingen tvil om at dei smakte.

Sosionom- og barnevernsstudentane Silje Therese Heltne, Kristin Klever Aasgård og Solveig Jakobsen presenterer India då dei alle har hatt praksis i Mangalore. Silje forklarer at rektoren ved skulen dei var tilknytte har teke med seg mat: - Maten i India er veldig sterk og snopet deira er veldig søtt. Det finnast liksom ikkje moderasjon når det gjeld krydder og sukker! Unntaket er eit slags grovt flatbrød kalla javaharoti. Dette er maten dei fattige i India overlever på, fortel ho.

Solveig Jakobsen, Kristin Klever Aasgård og Silje Therese Heltne

Rita Vahalcsik ved Ungarns stand venta på grytene med mat, men kunne intil vidare by på Palinka. Dette er ein slags vodka som berre er å få tak i i Ungarn. – Palinka er sterk sprit, alltid over 50%. I Ungarn vert dette nytta som aperitif og drikkast før maten, seier Rita.

Ye Liu og dei andre ved den kinesiske standen serverte stekt ris med grønsaker, sopp, reker, fisk, egg og tomat. – Vi laga nasjonalretten ved ei tidlegare tilstelning på Rokken, men dette var diverre altfor tidkrevjande til at vi kunne servere den på internasjonal dag, fortel Ye.

Representantane frå Kroatia er kunst studentar og ville uttrykke dette gjennom maten. I tillegg til små kjeks med humus og oliven, som det vert dyrka mykje av i Kroatia, hadde dei bygd ein skulptur av kuglice (kakaokuler) og tannpirkarar. – Diverre tålte ikkje skulpturen temperaturen på Berte Kanutte så den fall saman før vi fekk vist den til nokon, seier Anja Malec.

Odd Erling Botn



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 13.02.2008
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning