|
Mat er ein viktig del av kulturen, noko mange av standane på Internasjonal dag valde å utnytte. Ungarns stand kunne til og med by på drikkevarer. |
|
Luis Casanova presenterte Spania. – Eg burde kanskje servert Tapas, men omelett med potet er ein tradisjonell spansk rett, fortel Luis som laga retten kvelden før. – Eg turte ikkje å smake i frykt for å ete opp alle omelettane, så eg håper dei er etande, spør Luis.
|
| Luis hadde ikkje fått prøvesmakt omelettane, men etter at Pikachu (her personifisert ved Tengyo Kura) åt ein heil tallerken åleine var det ingen tvil om at dei smakte. |
|
Sosionom- og barnevernsstudentane Silje Therese Heltne, Kristin Klever Aasgård og Solveig Jakobsen presenterer India då dei alle har hatt praksis i Mangalore. Silje forklarer at rektoren ved skulen dei var tilknytte har teke med seg mat: - Maten i India er veldig sterk og snopet deira er veldig søtt. Det finnast liksom ikkje moderasjon når det gjeld krydder og sukker! Unntaket er eit slags grovt flatbrød kalla javaharoti. Dette er maten dei fattige i India overlever på, fortel ho.
|
| Solveig Jakobsen, Kristin Klever Aasgård og Silje Therese Heltne |
|
|
|
Ye Liu og dei andre ved den kinesiske standen serverte stekt ris med grønsaker, sopp, reker, fisk, egg og tomat. – Vi laga nasjonalretten ved ei tidlegare tilstelning på Rokken, men dette var diverre altfor tidkrevjande til at vi kunne servere den på internasjonal dag, fortel Ye.
|
|
Representantane frå Kroatia er kunst studentar og ville uttrykke dette gjennom maten. I tillegg til små kjeks med humus og oliven, som det vert dyrka mykje av i Kroatia, hadde dei bygd ein skulptur av kuglice (kakaokuler) og tannpirkarar. – Diverre tålte ikkje skulpturen temperaturen på Berte Kanutte så den fall saman før vi fekk vist den til nokon, seier Anja Malec.
|
|
Odd Erling Botn |