Framtida sine informasjonsforvaltarar |  - Lykke til folkens!
Skriv ut Sideoversikt |  

Nettpraksis BA Info&Media / NETTPRAKSIS INF112 / Gruppe 5 / Målgrupper og avsender /

Målgrupper og avsender

Variert målgruppe og tydeleg avsendar 

Utanriksdepartementet(UD) er ein statleg instans, som driv med statleg informasjon. Nettstaden deira har eit særskilt stort nedslagsfelt, med ei svært variert målgruppe. Det er viktig at ein slik nettstad held seg nøktern, for den skal  femne om mange utan å utelukke nokon.

Publisert 20.02.08 av Tone Sørensen

For å kartlegge ei målgruppe må avsendaren vere klar. Noko UD har klart ganske godt på nettstaden sin. Den står fram som ei seriøs side, med sine konservative fargar, bilete og tekstar. Målgruppa til UD er stor og variert, ved eit sakleg og nøkternt språkbruk vil dei kunne nå ut til ein stor del av befolkninga.

Hovudmålgrupper
Den største målgruppa til departementet , slik vi ser det, er bedrifter, organisasjonar og journalistar. Dette syner dei ved at nettstad inneheld mykje nyheiter og faktaopplysningar om UD, slik som kalender med gjeremåla til ministrane, talar og pressekonferansar.

Nettstaden inneheld òg ein del for studentar og arbeidssøkande, vi tenkjer då på sider som handlar om aspirantopptak, studentpraktikantordningar og ledige stillingar innan UD.

Tilrettelagt for alle
Departementet tek godt omsyn til at målgruppa består av mange som har andre språk enn bokmål som målform. Nettstaden deira er tilrettelagt på engelsk, samisk og nynorsk. Dei tek
òg omsyn til brukarar med syn- og hørselshemningar.

God vegvisar
Sida fungerer godt som ei samle - eller startside for folk som har interesse for underliggande organisasjonar og avdelingar. Sånn som Norad, norgesportalen og avdeling for FN, fred og humanitære spørsmål .

Effektivitet
Alt i alt verkar det som ein nettstad for folket. Men i all hovudsak fagfolk med spesielle interessefelt, som er ute etter å skaffe seg informasjon om UD og deira arbeidsområde.  Nettstaden er lagt opp til at ein raskt forstår kven hovudmålgruppa er, men òg at privatpersonar effektivt kan finne fram til den hjelpa dei treng.

 Utanriksdepartetmentet sin nettstad har heile Noreg som målgruppe.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 20.02.2008
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning