Grip mikrofonen på Rokken

Torsdag, 28. februar, er det igjen klart for Open Mic på Studenthuset Rokken. Om du føler for å framføre eit sjølvlaga innslag, eller berre la deg underhalde, er dette staden du bør tilbringe kvelden.


Tekst og foto: Malin Aa. Boska

Dette er eit arrangement litt utanom det vanlege.

- Du treng ikkje vere flink for å bidra, seier Tone Rustestuen, ansvarleg for kvelden.

 

Her kan du lese opp diktet ditt som du har skreve på hybelen, kome med eit kåseri du lenge har hatt lyst å dele med andre, eller rett og slett stemme i med ein gladsong frå åtti-talet.

 

Stor breidde i repertoaret

Ho har tidlegare opplevd både seriøse innslag og ikkje fullt så gjennomtenkte framføringar.

- Ein gang var det ein som berre ramsa opp

namna på alle land han kunne. Det vart ganske morosamt, held ho fram.


Møt opp på Rokken torsdag 28. februar. Då er det igjen klart for Open Mic.

Kom og bli med

Ein huspianist er på plass for å spele gode tonar til innslaga. Musikkstudentar er ivrige deltakarar, og  bidreg med gode musikalske prestasjonar. Rustestuen oppfordrar imidlertid alle som meiner dei har noko nytt og kreativ å framføre, om å gripe mikrofonen.

 

– Eg ser gjerne at folk tek med eigne instrument og improviserer deretter, legg arrangøren til. Ein kan ta utgangspunkt i eit tema eller ei spesiell stemning.

 

Her er det berre fantasien som set grenser og alt er tillete, så lenge det ikkje går på helsa laus.

– Vi har hatt akrobatar som nærast har hamna på sjukehus, noko som vi helst ikkje vil gjenta, humrar Rustestuen.