|
Journalistikkstudentane ved Høgskulen i Volda er no godt i gang med åtte veker internpraksis. Tidlegare har studentane arbeidd innan sine valde spesialfelt. I år er det endringar i det pedagogiske opplegget ved praksisen. | |
|
Når journalistikkstudentane byrjar på studiet vel dei kva dei vil spesialisere seg i, anten radio, tv eller avis. Studentane har då kvar sin redaksjon. Frå no av må studentane samarbeide. - Målet med dette nye praksisopplegget er å gje studentane ei innføring i publisering på nett og sjå framtidsmoglegheitene i det. Det er viktig å lære seg å jobbe fleirmedialt, på tvers av spesialiseringar, seier Linda Eikrem, medielærar ved Høgskulen. |
|
|
Positive tilbakemeldingar og utfordringar Lærarane ved journalistikkutdanninga har fått positive tilbakemeldingar på dette opplegget. – Det kan bli litt stress til tider, sidan det no er viktig å få ut sakene tidligast mogleg, seier førsteårsstudent Eirik Røe. Men så langt er han fornøgd med praksisen. Han kan òg fortelje at det har vore ein del tekniske utfordringar på grunn av dårleg utvikla system, der det er manglande funksjonar og stadig nye oppdateringar. Relevant for framtida - Før endringane vår det ganske få som var på nett, no er det alle. Det er nyttig å lære seg å publisere på nett. No jobbar vi på ein annan måte enn vi har gjort tidlegare, noko som vil kome godt med når vi byrjar i arbeid etter enda utdanning, understrekar Eirik. | |
|
| |