|
I ei bygd som Volda skulle ein tru at eitkvart kulturtilbod ville bli flittig nytta. Likevel spøker det allereie for Volda Filmklubb, som starta opp att drifta i januar. | |
|
- Det er for gale når storfilmar som «The Good, the Bad and the Ugly» ikkje har meir enn fire-fem betalande, sukkar Sverre Øvrelid Steen. Han er leiar i den nye filmklubben, som er ein fusjon av to tidlegare filmklubbar, Volum og Volda & Ørsta Filmklubb. Styrka kulturtilbod Steen seier at dei var klar over vanskane med å halde liv i denne typen tilbod, då dei i fjor haust tok til med å stable ein filmklubb på beina. Men dei trudde likevel at det skulle vere marknad for ein i filmklubb i bygda. I alle fall med det breie utvalet filmar dei set opp, forklarar han.
- Slik vi såg det for oss, ville dei to ulike fraksjonane styrke kvarandre, og på den måten famne eit større publikum, seier Steen.
Synkande interesse |
|
|
Steen vedgår at dei ikkje berre kan skulde på Volda-publikummet. - Der er mange ting vi kunne og kan bli betre på, slik som promotering. Men, seier han, det er ikkje berre enkelt når tre-fire personar skal dra heile lasset. Då vil det bli litt på lukke og fromme.
- Kva meiner du kan gjerast?
- Som sagt er det mykje å hente på promotering. For potensielle medlemmer og tilskodarar, bør det ikkje mangle på i ei bygd med så mange studentar, meiner han. | |
|
| |