Frå fjord til fjell

At naturen på Sunnmøre er storslagen er det liten tvil om. Om nokon kan å nytte denne naturen til fulle, så er det studentar ved Høgskulen i Volda. Der kan ein nemleg ta bachelorgrad i idrett og friluftsliv, og ein er innom alt frå vakker fjord til høge fjell.

       

Studentar på tur: Bachelorgrada i idrett og friluftsliv tek til med kystfriluftsliv.

- Dei kallar Volda ein kulturstad, men det er den mangfaldige naturen med dei moglegheitene vi har her som verkeleg skil seg ut, seier Ola Einang som er lærar ved lina. Han dreg fram kontrasten mellom fjord og fjell i ei utdanning som nyttar seg av alle delar av naturen.


Det fyrste året byrjar med kystfriluftsliv. Høgskulen har ein "kystbase" på Yksnøya som er ved innseglinga til Voldsfjorden. Der har dei eit naust med undervisningsrom og fleire båtar som nyttast i undervisinga.


Seinare tek ein til på fjella. Det er bratte toppturar med litt skitrening, men med størst fokus på skredfare, sikkerheit og redning. I tillegg er breturar eit viktig fokus.
- Ein kan omtrent ikkje gå i sunnmørsfjell utan å møte på ein eller annan bre, så det er absolutt nyttig kunnskap, seier Einang.


Lærarretta

Dei fleste som går bachelorgrada vert nok lærarar. Dei to åra, saman med eit ekstra skulefag, som t.d. engelsk, gir ein moglegheita til å ta praktisk-pedagogisk utdanning som gjer at ein kan verte lærar.


Einang meiner at mange nok går årsstudiet i kroppsøving utan heilt å vite kva dei vil seinare, men at dette fell i smak og at dei deretter held fram med bachelorgrada. Det er ikkje berre lærar ein kan verte, og ein kan ta studieretninga som ein start på ei vidare karriere innan feltet idrett og friluftsliv.


Populært studie

Einang kan bekrefte at søkartala til studiet har vore gode heilt sidan starten. Spesielt på det litt meir generelle kroppsøvingsstudiet er søkartala høge. Søkarmassa tydar på eit populært studie. Einang peiker på at det også går an å gjere noko av studia i utlandet, men at dette ikkje har vore så vanleg.
- Eg trur at den flotte naturen her i området er noko av grunnen, folk trivast og ynskjer å studere blant dei varierte områda vi har her, seier han.

                                                                                            - Ante Lundberg