Høgskulen fått stort forskningsprosjekt

Det var nitten skular som søkte på midlar frå norsk forskningsråd, og det var seks skular som fekk tilskot. Høgskulen i Volda var ein av desse seks, og fekk skryt for ein fagleg sterk søknad.


Av Ole Martinus Breivik

 

Gjennom programmet praksisretta FoU for barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning har Høgskulen i Volda blitt tildelt 7,2 millionar kroner til eit prosjekt kalla meistring av førskulelærarrolla i eit arbeidsfelt med lekmannspreg som skal gå over dei neste tre åra. Prosjektgruppa frå HVO er leia av professor Peder Haug, andre frå HVO er Bente Vatne, Gerd Sylvi Steinnes og Liv Ingrid Håberg som alle arbeider i førskulelærarutdanninga.

 

- Målet er å få kunnskap om barnehagen som ein heilheit, og dei nyutdanna studentane sitt inntrykk av yrket etter endt utdanning. Seier Bente Vatne. Det er gjort lite forsking på dette temaet, og den siste gongen eit så omfattande prosjekt vart gjort var i 1975 i samanheng med at lova om barnehage kom.

 

Ho seier vidare at studentar vil bli involvert i dette prosjektet, som forskarar og medhjelparar, dette vert mest studentar som er på masternivå. Prosjektet har og fått tildelt tre stipendiatstillingar, og har eit nært samarbeid med Høgskulen i Oslo. Dei har og internasjonale støtteforskarar som Lars Gubrandsen ved NOVA og professor Joanna Einarsdottir, direktør for ”Center for research on Early Childhood Education”.


Bente Vatne er positiv til dette prosjektet!

 

- Me vil vite meir kva som skjer i feltet, seier Vatne vidare. Ho seier at etter regjeringa ville skaffe barnehageplasser til alle vart det meir fokus på denne utdanninga.

 

Ho forklarer at metodane i dette prosjektet vert å ha spørreundersøkinga, å intervjue folk og å vere i felten. Ho er då veldig glad for at dei har fått dette prosjektet fordi HVO har eiga utdanning for førskulelærarar, og ho trur at dette vil gjere utdanninga her på skulen betre. I prosjektet vil dei skaffe meir informasjon om kva barnehagane driv med, for så å gjere utdanninga best mogleg for studentane slik dei får mest mogleg ut av ho.

 

- Eg trur at sidan me i denne avdelinga har fått tildelt dette prosjektet vil me få gladare studentar ved førskulelærarutdanninga, avsluttar Vatne.