| Påska er tid for avslapping, og ingenting er vel like behageleg som å fordøye ei god bok eller ein film? Svela tok ein tur til biblioteket på Berte Kanutte for å finne ut kva du bør lese denne påska. | |
|
Ein skulle kanskje tru at ein biblotekar les svært mykje litteratur, men Engebretsen seier at ho ikkje alltid har tid til det. Men ho freistar å lese ein del krim, og vi fekk ho til å anbefale nokre bøker til dei leselystne. |
![]() - Eg les krim heile året, ikkje berre i påska, seier Anne-Grethe Engebretsen |
|
Biblioteket har også filmar til utlån, og Engebretsen tek oss med til dvd-hylla. Ho dreg fram den danske filmen Nattevakten. - Denne er spennande, seier ho. Filmen handlar om ei nattevakt på eit likhus, der noko mistenkeleg byrjar å hende. Dersom dette er i skumlaste laget, kan ein kanskje velge den neste filmen ho trekk fram; Oh brother, where art thou? Dette er ei livlig historie basert på Homer sin Odysseen, men sett til Amerika på 30-talet med blant andre George Clooney.
Vi takkar for tipsa, tek farvel med Engebretsen og speidar oss ut eit par filmar som ganske sikkert skal lånast med heim i påska. | |
|
- Ante Lundberg | |