Ei blodig påske?

Snart er det påske, og du har fleire dagar fri. Er du klar for eit par blodige filmtips?

I klassisk Svela-tradisjon, vil vi vurdere filmane ut ifrå kor mange sveler den fortener. Desse filmane er sjølvsagt blodige eller skumle i god påskeånd, og vi gir difor poeng på ein skala frå ei til fem blodige sveler. Merknad: svelene målar underhaldningsverdien, ikkje kor god filmen er i seg sjølv.


Planet Terror (Robert Rodriguez, 2007).

Robert Rodriguez sin halvdel av dobbelfilmen Grindhouse er ein hyllest til gamle b-filmar. Eit lab-forsøk går feil, og skapar blodtørstige mutant-zombiar, noko som tyder god underhaldning for oss som sit trygt i sofakroken. Ei fantastisk rolleliste gjer filmen enno meir sjåverdig; Freddy Rodriguez, Michael Biehn, Josh Brolin og Bruce Willis er blant dei medverkande. Underhaldningsfaktor: fire av fem blodige sveler.



The Thing (John Carpenter, 1982).

Den klassiske regissøren sitt meisterverk. Ein forskingsbase på Antarktis blir infiltrert av ein ting frå verdsrommet. Den har evna til å gjere seg om til perfekte kopiar av andre levande vesen, og berre Kurt Russel i ei av sine beste roller er i stand til å utfordre utysket. Stemninga i filmen er klaustrofobisk, paranoid og dyster – og filmen er like spanande i dag som då den kom ut. Underhaldningsfaktor: fem av fem blodige sveler.

 

Blade (Stephen Norrington, 1998).

Halvt vampyr, halvt menneske. Blade (Wesley Snipes) er ute etter å hemne mor si ved å utrydde vampyrane. Filmen blandar meisterleg mytologi, halsbrekkande action og tecno-musikk og er akkurat passe useriøs. Underhaldningsfaktor: fem av fem blodige sveler.

 

300 (Zack Snyder, 2006)

Basert på Frank Miller sin episke tegneserie, igjen basert på slaget ved Termopylene. Filmatiseringa er trufast til originalverket, til kvar ein detalj. 300 er ein symfoni i død og fordervelse, ei forherligelse av den mandige mann og ein visuell ekstravagansa. Underhaldningsfaktor: fem av fem blodige sveler.

 

Dårlege filmar
Kva hadde vel livet vore utan dårlege filmar? Her har vi funne eit par klassikarar til deg. Dei anbefalast saman med gode vener og godt humør.


Attack of the Sabretooth (George Miller, 2005)

Ein riking har klart å klone sabeltann-tigrar og skal opne ein attraksjonspark. Men under eit investormøte går noko gale, og tigrane klarar å stikke av. Plottet er ein blåkopi av klassikaren Jurassic Park, utan samanlikning forøvrig. Gruvfulle effekter, horribelt skodespel og ufriviljug humor pregar denne kalkunen. Underhaldningsfaktor: tre av fem blodige sveler

 

Boa vs. Python (David Flores, 2004)

Ein stormannsgal jeger som arrangerar jakt-turar etter eksotisk vilt importerar ein diger pytonslange til USA. Denne klarar sjølvsagt å stikke av, og byrjar ete uskuldige. Heldigvis får FBI tak i ein trena boaslange. Nok ein film med bøtter av ufriviljug humor, elendig skodespel og dårleg laga slangar. Underhaldningsfaktor: tre av fem blodige sveler. 

 

Skeleton man (Johnny Martin, 2004).

Kanskje den dårlegaste filmen vi har sett. Ein indianar går igjen i ein skog, og slaktar ei lita tropp med håplause soldatar (og eit helikopter) med sine ymse våpen, som pil og boge, og spyd. Det er synd at indianaren ser ut som ein tulling i ei heimelaga halloween-kostyme av bosposar. Underhaldningsfaktor: fire av fem blodige sveler.

                                                                                    - Ante Lundberg