I morgon 1. april er siste frist for å søke på emnet reportasjearbeid i framand kultur. Dersom du er journalistikkstudent og enno ikkje har søkt på dette valfrie emnet, bør du bruke dagen til å gjere dette.
Tekst: Lone Øverås Domaas
Emneansvarlig, Torgeir Dimmen, fortel at det foreløpig berre er to studentar som har søkt. - For å kunne starte dette emnet bør det vere minst seks søkjarar, seier Torgeir.
Han trur at ein av årsakene til det lave søkjartalet, kan vere sterk konkurranse frå andre utanlandsstudier.
- Elles kan det kanskje vere skremmande at ein må skrive motivasjonssøknaden på engelsk. Dette bør likevel vere overkommeleg sidan søknaden skal vere på inntil ei side, meiner Dimmen.
|
Ei unik moglegheit Torgeir fortel at dei har fått svært gode tilbakemeldingar frå tidlegare studentar. - Dette studiet er svært nyttig og lærerikt og gjev studentane ei heilt unik oppleving som dei ikkje får på Høgskulen i Volda.
|
|
|
Søknaden skal leverast til i posthylla til Torgeir Dimmen på AMF-gangen. Formell registrering skjer på student-web i april. Meir info på www.hivolda.no/index.php?ID=13343
| |