|
Publisert av Tone Sørensen
Ein av dei som er med i fotballgruppa er stipendiat ved avdelinga for mediefag Øystein Pedersen Dahlen. - Bedriftsfotballen er eit unikt tiltak for dei tilsette, seier Dahlen. - Vi blir kjent med andre tilsette på ein artig og uformell måte.
Lang fartstid Alf Roger Djupvik er mannen bak bedriftslaget. Djupvik har samla spelarar til laget kvar veke i ti år. - Han gjer ein kjempeinnsats, sjølv har eg spelt i fire år, uttaler amatørspelaren.
Trening kvar torsdag Kvar veke mottek dei som er registrerte ein e-post der dei skal svare på om dei kjem på trening. Så snart seks stykke har meldt si interesse blir økta gjennomført. - Vi har vore opptil 15-16 stykke, men denne torsdagen blir vi berre seks spelarar. |
- Dette er sosiale tiltak som bidreg til å styrke samhaldet, seier Øystein Pedersen Dahlen.
|
|
Knuste briller Dahlen presiserer at dette er for alle som likar å leike seg med fotballen. Sjølv har han nokre dårlege kne, som gjer at det er berre på dette nivået han tør spele. - Det har nok vorte nokre knuste briller opp gjennom tida, elles er det ganske harmlaust, påpeiker han. - Det er berre for interesserte å ta kontakt, vi er glade for å få fleire medspelarar.
|