Rot i systemet

Mange snakkar om uengasjerte studentar. Kan dette skuldast at dei rett og slett ikkje finn fram i rotete oppslagstavler? Svela si undersøking viser at på Aaasen er 9 av 16 oppslag gamle, på Strøm er  8 av 25 det, og på BK gjeld dette 7 av 20.

Tekst og foto: Lone Øverås Domaas

 

På Høgskulen i Volda er det mange oppslagstavler. Dei ulike organisasjonane har kvar si tavle. Studieadministrasjonen har også ei tavle. Ein skulle tru at dei fleste var opptekne av å ha ny og oppdatert informasjon på desse tavlene. Dette er nok dessverre ikkje tilfelle, sjølv om det finst reglar for å henge opp plakatar og oppslag, verkar det som om ingen bryr seg om dette. Regelen er at oppslaga skal datomerkast og fjernast etter tre veker.

 

Udatert informasjon

Dersom ein beveger seg i gangane på Høgskulen i Volda kan ein observere svært mange gamle oppslag på tavlene. Ein kan faktisk finne plakatar med arrangement som fann stad i januar og februar. Kven er så ansvarleg for dette rotet?

 Leif Roar Strand og Per Vassbotn ved driftsavdelinga seier at det er STIV sitt ansvar å rydde oppslagstavlene på Høgskulen.

- Vi tek berre ned plakatar som heng på ikkje tilviste plassar. Studieadministrasjonen har ei eiga tavle som dei er ansvarlege for.

 

      

 Gamle oppslag skapar forrvirring blant studentar of tilsette ved Høgskulen

 

STIV gjer så godt dei kan

Sølve Tafjord i STIV seier at dei gjer så godt dei kan med å ta ned gamle plakatar, men at dei ikkje har kapasitet til å rydde alt.

- Eg oppfordrar dei som heng opp plakatar om også å ta dei ned når dei er gamle, seier Tafjord.

 

Denne problemstillinga er også noko dei på driftsavdelinga er opptekne av.

- Folk som heng opp plakatar må også ta dei ned, seier Leif Roar Strand.

 

 

Kva  synest studentane om dette kaoset?

1. Les du oppslagstavlene regelmessig?

2. Kva slags inntrykk har du av tavlene?

3. Finn du nyttig informasjon på tavlene?

 

Annette Hetland

1. Eg ser no litt på dei i forbifarten.

2. Eg synes dei er rotete og uoversiktlige. Det er ofte at folk bruker andre tavler enn dei som dei er tildelte – det er irriterande. Nokre er meir pr-kåte enn andre, og heng opp sine plakatar overalt. På den måten får små plakatar  mindre fokus.

3. Det er ein del gamalt nytt. Det har skjedd fleire gonger at eg har funne interessante arrangement som eg har hatt lyst å gå på, men så viser det seg at dei har funne stad for lenge sidan. Folk tar ikkje ned lappar med gamle arrangement.

 


Anette Hetland er irritert over gamalt nytt på oppslagtavlene.

Kristine Asp Jakobsen

1. Nei.

2. Dei er litt uoversiktlige.
3. Det er ein del oppdatert informasjon, men noko er litt gammalt


Kristine Asp Jakobsen synes noko av infomasjonen er litt gamal.

Bør vurdere å rydde
Det bør kanskje vurderast å skaffe ein person som kan rydde opp i rotet.  Målet med oppslagtavlene er jo at folk skal finne nyttig informasjon. Dersom mange av oppslaga er gamle, gidd  ingen å lese på oppslagtavlene. Mange klager over uengasjerte studentar, men det er ikkje anna å vente når oppslagtavlene er fulle av arrangement som fann stad i februar og mars, når vi no er komne til 3. april