|
Årets DokFilm-program er ute. Dei stiller i år med mange store namn som Gaupejeger, Full Metal Village og Garbage Warrior. Dei har og andre arragnement som konsertar, pitcheforum, stand-up, og mykje meir.
Ole Martinus Breivik | ||
|
Den norske dokumentarfilmfestivalen går av stabelen 29. april til 4. mai, og no er programmet fastsett. Dette inneheld alt både norske og utenlandske filmar.
Årets opningsfilm er Three Miles North of Molkom, og inneheld alt frå tantrisk sex til sjamanisme. Anders Bremnes, ein av dei to programansvarlege for DokFilm 08, seier det er ein film med stor underhaldingsverdi og høg kvalitet, med fantastiske karakterar. |
| |
|
Godt Program
Anders Bremnes og Aleksander Olai Korsnes seier i pressemeldinga frå DokFilm at årets festival viser høg kvalitet og variasjon, og at dokumentarfilmane som blir vist i år vil formidle gode historier og gode sjåaropplevingar.
Bremnes og Korsnes har hatt som mål i år å presentere eit breidt og innhaldsrikt program, med lyspunkt for alle. Noko av grunnen til dette er at dei har hatt ei bra kvalitetssikring fo dei utvalde filmane. |
| |
|
Det blir òg ei noregspremiere under årets festival. Den norske filmen Gaupejeger som handlar om den norske gaupejegartradisjonen. DokFilm skiltar med fleire filmar som Glemt, Gender me, Problembarna, Lykkens grøde og A Beautiful Tragedy, desse er nominert til beste dokumentarfilm, og også utenlandske prisvinnarar som Garbage Warrior og Full Metal Village.
Studentane har bidreg og i år, og desse filmane finn du meir om på heimesidene til DokFilm.
Festivalen for alle
Av andre aktiviterar kan DokFilm tilby pitcheforum, debatt, stand-up, konsertar, folkefest og mykje meir. Dersom du lurer på noko meir kan du gå inn på heimesidene til DokFilm, www.dokfilm.no. Her finn du fullt program og oversikt over dei travle dagane, og planlegginga for årets dokumentarfilmfestival kan kome igong. | ||