Praksis gjer studentar fattigare

Elisabeth Johansen(21) som studerer førskulelærar ved Høgskulen i Volda føler det ikkje er rettferdigt at studentane sjølve må legge ut for reisa til praksisplassane. – Det er høgskulen som sender oss vekk, då bør dei dekke reisa.

 

Ole Martinus Breivik

 

Ved høgskulen i Volda er det slik at alle studentar som skal ut i praksis må legge ut pengar for reisa sjølve. Dette betyr at dei som er i Volda ikkje treng betale noko, men dei som HVO sender ut av kommuna, eller lenger vekk, må betale for reisa si sjølv. Elisabeth Johansen seier at dette er eit system som går på skift, og at etter ho no har vore på Folkestad i år har lærarane nesten garantert ho at ho skal få vere i Volda neste år. Men er det nok praksisplassar i Volda til at alle får vere der ein gong?

- Eg syns ikkje me bør betale for reisa sjølve, når det er høgskulen som sender oss vekk frå Volda. Studentar flest kan få problem med å legge ut pengar når dei skal betale husleige og skulebøker ved sia av. Me vil jo helst bruke pengar på andre ting, som skulebøker eller fritida vår.


Elisabeth Johansen(21)

 

I løpet av tre år har førskulelærarstudentane 18 veker praksis, der åtte veker er i det fyrste året. Praksisplassen vert vald av HVO. På heimesida til HVO står det opplyst i informasjon om studie om at dei skal ha praksis og antall veker, men ikkje at dei må legge ut pengar, eller betale ein eigenandel.

 

Førskulelærarane har det fyrste året tre veker praksis i haustsemesteret, og fem veker i vårsemesteret. Utgiftene til ein student som betaler 60 kroner per dag, fram og tilbake, vert i løpet av dei fem vekene i vårsemesteret 1500 kroner. Studenten vil få igjen mykje av desse pengane etter dei har levert inn reiserekning, men dette er mykje pengar på litt meir enn ein månad for ein student som også betaler 2500 kroner i husleige, 500 kroner i telefon og skal kjøpe mat og bøker.

 

- Det er forskjellige praksisordningar frå avdeling til avdeling og frå fag til fag. Det er slik fordi det er ulik praksis på dei ulike avdelingane. Dette fortel studiesjef ved HVO, Gonnie Smith Løseth. Ho kan også fortelje at dagens ordning har vore i bruk lenge ved HVO.

- Avdelingsleiinga har nettopp bestemmte at denne ordninga skal fortsette.

 

Løseth legg til at basisløyvinga til HVO er den dårligaste i landet.

- Dersom me hadde hatt større bevilgning kunne me kanskje vurdert å auke bidraget til nettopp slike tiltak.

 

Høgskulen i Molde fortel at dei driv med eit liknande system der dei dekker reisa til studentane opp til 120 kroner dagen, med ein innlagt eigenandel på 20 kroner.

 

Då er spørsmålet, er det rettferdigt at studentar må legge ut pengar for si eiga reise til praksisplassen? Det er ikkje rettferdigt ein student får dårleg råd fordi ein må bruke pengane sine på reisa til praksisplassen HVO har valgt ut til dei. Då får me håpe at enten HVO endrar systemet og dekker reisa, eller at basisløyvinga aukar.