|
Ein kan skryte av designen til Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda. Men på Ivar Aasen-huset er ikkje alt like nytt og fint. Falma lappar er eitt av dei spanande klenodia som heng att frå den tida skulen gjekk under namnet Møre og Romsdal Distriktshøgskule. |
![]() |
|
Det første du ser då du nærmar deg inngangsdøra på bygget er at det gamle skiltet frå Distriktshøgskulen framleis er tydeleg under den nyare teksten. Vær og vind har snart gjort den nyare teksten like falma som den gamle. |
|
|
|
Du går inn døra. Ved kvar side av deg har du noko som mest liknar på ein eigen botaniske hage. Spenstig. Du snur deg rundt og der er det ei oversikt over klasserom og kontor. Men dette er ikkje di vanlege oversikt. Det er små, søte bokstavar, skyvd inn i lange spor, dekka til av ei glasplate. Designkunst på 70-talet? |
![]() |
|
Du ser fleire gangar som fører inn mot forskjellege rom, og du går spent innover den eine. Kva kan du finne der? Ei inngangsdør til eit studio? Det brukte i alle fall å vere det. No er det lagringsplass. Der heng ein gamal og gulna advarsel på døra. Her er verken lov å røyke eller ha med husdyr. Logoen nedst er frå Distriktshøgskulen, som vart omgjort til høgskule i 1994. Lappen ser eldre ut enn det. |
|
|
|
Lenger innover ser du ei korktavle som er halvvegs oppreven. Ved den er det eit gamalt kontrolltavle som skulle innehalde lysknappar, men knappane er tatt ut. Tek du på den er det faktisk mogleg at du får eit aldri så lite elektrisk sjokk. Litt spenning i kvardagen der, altså. |
![]() |
| Like ved deg er ei trapp. Du går opp for å utforske litt til. Det viser seg at du kjem ut til ei stor opning i golvet, der du kan sjå ned til inngangen til bygget. Store vindu ser ut over parkeringsplassen, men ikkje minst over eit spesiellt tak, som mest ser ut som eit landskap av pyramidar og vegar. Eller ei skitten sjokoladeplate? |
![]() |
|
På veggen ved sida av deg heng ein gamal høgtalar. Ein gamal radio, eller eit PA-anlegg? Eller vart den brukt til å kontakte romvesen på det psykelediske 70-talet? |
![]() |
| Like bortanfor deg er det eit halvskjult lite rom. Ei dør og ein stige er det som er der. Døra er til eit telerom. Logoen er den som telenor kvitta seg med for mange år sidan. Trappa leiar opp til taket, men har merkeleg nok logoen til eit heisfirma på seg. Heisa skjuler seg rett rundt hjørnet. Det er kanskje den eldste heisa i Volda, eller i Noreg - den ser i alle fall slik ut. |
![]() |
|
Men det vert seint, og du finn ut at det er på tide å reise. Er skulen meir oppdatert neste gong du er innom? Sannsynlegvis ikkje, men det er noko av sjarmen ved det gamle bygget. |
![]() |
| - Publisert av Ante Lundberg, 11.04.08 |