|
Det var ein gong fem studentar som skulle ta nattbussen til Hamar. Slik byrja historia vår, men det var ikkje slik det utspelte seg. To i den glade gjeng kom plutseleg på at vi kan køyre bil ned, og slik gjekk det til. | |
| Tekst og foto: Sølve Tafjord og Ole Martinus Breivik | |
|
Torsdagskvelden forlot me Volda, glade til sinns og klar for ein lang road-trip. Me kom oss til fergekaia og støtte på vårt fyrste problem, for den glade gjeng hadde gløymt å sjekka fergetidene. Mens me brukte tre kvarter på å vente på neste ferge fann me plutseleg ut enda eit problem i planen vår, soveplassar når me kom til å komme fram i Hamar klokka fem om morgonen, sidan innsjekking på hotellet var klokka tolv på fredag. Ein av medlemmane i den glade gjeng kom då på at der var eit billig, men bra, herberge, og ringte å fekk tinga rom for morgonen. Turen nedover gjekk bra, sjølv om det vart ei feilkøyring som endte opp med bensisfylling, og køyring på feil side av elva fram til Sjoa, grunna ei vegbok frå 1997.
|
|
|
No som me har prata om den glade gjeng er det kanskje på tide å introdusere for dykk kven det var som reiste nedover for å forsvare Volda si ære. Ole Martinus Breivik og Mari Svarttveit som delegatar, Sølve Tafjord og Anne birgit Aga som varadelegatar, Trine Selbek, Kristian Lerøy og Christoffer Steen som observatørar.
| |
|
| |