Landsmøte i Studentenes Landsforbund

Volda var sterkt representert i Hamar i år med heile fire delegatar og tre observatører. På Studentenes landsforbund(StL) sitt landsmøte vart snakka om Stjernø-utvalet sitt arbeid, StL si framtid og Bolognaprossesen.
Tekst og foto: Sølve Tafjord og Ole Martinus Breivik


Tidlegare leiar i StL Olav Øye på talarstolen

Møtet starta Fredag 11. April med åpningstaler og helsningstaler klokka 14:30. Diverse politikarar og andre var og oppe på talarstolen og helsa StL sitt landsmøte, deriblant no tidligare leiar i StL Olav Øye og representantar frå statens lånekasse, pedagogstudentane.

StL sitt landsmøte har i år hatt mange viktige saker å ta opp, blant anna Stjernø-utvalet sitt arbeid, Bolognaprossesen og StL si framtid. Det var mange gode diskusjonar, og me kan ut frå landsmøtet sjå at studentengasjementet er stort i det vide land, og at studentane har gode meiningar dei vil fremje.

Siktet på Stjernø?
Den fyrste saka som vart tatt opp var Stjernø i sikte. Her starta diskusjonen med at det var mange som heller ville sikte på stjernø, dette grunna utvalets drastiske forslag til restrukturering i høgare utdanning i Noreg. Diskusjonen gjekk for det meste rundt kva StL skulle meine om rapporten Stjernø- utvalet har laga. Her kom me fram blant anna at StL støtter å styrke utdanningane, men er imot tvangssammelslåingane, som ville gjort at me fekk berre 8 institusjonar for høgare utdanning i Noreg, i forhold til dei over 60 som finnes i dag.

Når me kom fram til Bolognaprossesen gjekk praten mykje om korleis det er for internasjonale studentar å kome til Noreg, og for norske studentar å reise ut. Det var mykje argumenter for og imot kva StL skulle meine, men kom til slutt fram til ein god del punkt. Volda er jo som kjend i noregstoppen når det kjem til internasjonalisering, så for oss var det ein intressant debatt.


Mandatane visar stemmetegn.

StLs framtid
I saka om StL si framtid var det store spørsmålet om Stl ville slå seg saman med Norsk StudentUnion(NSU). Det vart fort fastslått at alle ville at StL skulle gå inn i forhandlingar med NSU, men det store spørsmålet vart tidsbegrensingar og kva føresetnadane og krava til
StL skulle vere. Her vedtok Landsmøtet at dei skulle få bruke den tida dei trengde, og at me ikkje skulle legge noko politisk grunnlag for forhandlingane, då fleiretalet var einige om at dette ville gjere prossesen for vanskeleg. Delegasjonen frå HVO var uenige i tidsperspektivet, og syns det burde vore ei begrensing fram til 2010 når Stjernø er ferdig med sitt arbeide.

 

Elles var det mykje saker som omhandla det andre rundt StL, som vedtekter, arbeidsprogram, og liknande. Dette var formalitetar, men viktige likevel, som me brukte mykje tid på.

 
Nye leiar Øistein Svelle meinar studentane er sjølve bakepulveret.

Elles vart det også valgt nytt styre.

-         Øistein Svelle, leder

-         Sine Halvorsen, nestleder

-         Ina Tandberg, internasjonalt ansvarlig

-         Andreas Faye Lund, velferdsansvarlig

-         Kent Are Varmedal, fag- og forskningsansvarlig

 

Dei ser fram til arbeidet som dei skal byrja på til sommaren, og har allereie begynt å førebu seg. Dei har alle saman erfaring frå StL frå før, i styret eller utval. Elles vart Ole Martinus Breivik frå HVO vald til StL sin valkomite.

 

Dersom du lurer på noko anna angåande StL sitt landsmøte er det berre å ta kontakt med Studenttingsstyret.