Informasjonsstudentar inn i Animasjonsfilmfestivalen

Ivrige informasjonsstudentar ved Høgskulen i Volda har siste tre vekene hatt internpraksis,  og nokre av desse har laga ein informasjonplan for Animation Volda. fire av desse har no blitt valgt inn i styret som PR-ansvarlige, og både dei og leiar i Animation Volda er positive og gleder seg til å begynne arbeidet.

 

Ole Martinus Breivik

 

Tone Sørensen, Kristin Storbæk, Siri Thuen Nilsen og Ina-Helen Vestby Østby er dei fire studentane som er vald inn i styret til Animation Volda. Desse har dei tre siste vekene hatt internpraksis der oppgåva var å utarbeide ein informasjonsplan for ein oppdragsgivar. Deira arbeidsgjevar var styret i Animation Volda.

 

God presentasjon

 

Eg møtte gruppa etter presentasjonen dei hadde for klassa si, der dei hadde fått skryt frå både lærarar og dekan ved avdeling for mediefag Sverre Liestøl. Dei smilte frå auge til auge og var fornøgde og glad det tunge arbeidet var over. Det fyrste eg måtte spørje om var sjølvsagt kva dei hadde lært.

 

- det har vore lærerikt å lage ein informasjonsplan, og me har fått god innsikt i animasjonsmiljøet. Det har og vore eit godt samarbeid her i gruppa, og me har lært frå kvarandre, fortel gruppa ivrig.

 

- Det har og vore kjekt å ha eit reelt prosjekt å jobbe med, fortel gruppa vidare. Slik det har vore før har ein fått oppgåver som har vore frå ein fiktiv arbeidsgivar, eller oppgåver som ikkje har vore reell. Dette gjer at det er vanskeleg å engasjere seg eller sette seg skikkeleg inn i oppgåva.

 

Dei fortel at det var Animation Volda som fann ut dei ville ha gruppa inn i styret, og fire av dei takka då ja.

 

- Me har allereie fått innsyn i Animation Volda og profileringa dei må gjere. Dersom ein person i styret skulle tatt over arbeidet vårt ville jobben blitt mykje vanskelegare. Dei hadde då vore nødt til å sette seg inn i informasjonsplanen og vår tenking.

 

Animation Volda positive til samarbeidet

 

Leiar i Animation Volda Sylvia Clausen er positive til samarbeidet som no er oppretta med informasjonsstudentane, og ser fram til festivalen neste år.

 

Ho fortel vidare at ho satt i styret i fjor. Systemet fungerte då slik at alle var leiarar, og dette endte opp med at PR-jobben rundt Animation Volda ikkje var tilfredsstillande. Ho trur at informasjonsstudentane i år kan endre på dette.

 

- det er greit å ha nokon som har litt meir peiling enn oss på informasjon, fortel ho. Mesteparten av styret går MID her ved Høgskulen, så det er godt med litt variasjon.

 

Dei har eit bra program i år fortel Clausen, og dei samarbeidar med organisasjonar som Hiroshima peace memorial museum og andre internasjonale og nordiske filmskaparar og organisasjonar. Animation Volda er drive på frivillig basis, slik så mange andre festivalar er her i Volda, og Clausen har ei siste oppmoding å kome med.

 

- Me håper flest mogleg vil stille opp som frivillige under festivalen. Målet med denne festivalen er å samle studentar og animasjonsfilmbransja, og knytte band mellom desse. Me vil og gje eit nytt tilbod til studentar og lokalbefolkninga, og for å få til dette vil me trenge di hjelp.

 

Då ynskjer me informasjonsstudentane lukke til i den nye stillinga si, og styret i Animation Volda lukke til med festivalen som går av stabelen 11-14. September.