|
(Denne sida er under oppdatering) 11. september 2008, Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, Store auditorium [PROGRAM IN ENGLISH]
For å forstå utvikling, tankesett og samtida i Japan, kan ein ikkje gå utanom påverkinga av atombombene og dei verknader dette har hatt. Ein kan sjå verknader i alt frå diplomatiske forhold til andre asiatiske nasjonar til japansk pop kultur som Anime, Manga og videospel.
Miyoko Matsubara er ei av dei siste overlevande etter Hiroshima 6. august 1945, og ho vil halde eit av foredraga i seminaret. Studentar og andre i regionen får eit verdfullt, historisk vitnebyrd gjennom hennar opplevingar. 8. og 9. september vil Ms. Matsubara også vitje elevar i Ørsta og Volda for å snakke om a-bombene og fjerning av atombombetrusselen i verda i dag.
Det vert også stilt ut ei fotoutstilling frå Hiroshima Peace Memorial Museum. Kvelden før, den 10. september, vert det halde ein konsert til minne om Hiroshima-offera i Volda kyrkje, der japanske musikarar vil ta del.
Seminarprogram 11. september:
11.15: Opning ved rektor Jørgen Amdam 11.30: Visning av animasjonsfilmen ”Pikadon” 11.45: Foredrag av Ms. Miyoko Matsubara, den siste overlevande etter Hiroshima 12.30: Pause 13.00: Introduksjon av Hiroshima Peace Memorial Museum ved direktør, Mr. Koichiro Maeda 13.30: Kvifor var A-bombene brukte? Av direktør Geir Lundestad frå Det Norske Nobelinstitutt 14.00: Effekten av radioaktiv stråling. Stråleinstituttet i Hiroshima 14.30: Pause 14.45: Kan ein kvitte seg med a-bombene i dag? Ole D. Mjøs, leiar i Den Norske Nobelkomite. (usikker) 15.15: Diskusjon 16.00: Seminar slutt
20.00: Opning av Animasjonsfestivalen i Volda. Denne varer frå 11. til 14. september, og temaet er henta frå mellom anna seminaret om atombombene og atomtrusselen.
Inviterte gjester frå Japan: Ms. Miyoko Matsubara (Survivor of the atomic bomb in Hiroshima August 6) Mr. Koichiro Maeda (Director of Hiroshima Peace Memorial Museum) Mr. Nori Nakamura (Head Researcher/Dean of Genetics of Radiation Effects Research Foundation in Hiroshima) Ms. Sayoko Kinoshita (Director of Hiroshima Animation Festival) Ms. Sizzle Otaka (Musician for the A-Bomb concert) Mr. Masahiro Saeki (Musician for the A-Bomb concert) Ms. Mika Fujimoto (Assistant of Ms. Matsubara)
Frå Noreg: Mr. Geir Lundestad (Director of the Norwegian Nobel Institute in Oslo) Mr. Ole Danbolt Mjoes (Chairperson of the Norwegian Nobel Committee) Repr. frå norske myndigheiter m. fl.
Arrangørar: Tengyo Kura. T: 70 07 50 00. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Førsteamanuensis Arnljot Løseth. T: 70 07 51 21. M: 481 59 418. Historisk institutt. Førsteamanuensis Gunnar Strøm. T: 70075134. M: 489 91 856. Animasjonsutdanninga
 Tengyo Kura, Arnljot Løseth, Gunnar Strøm. Last opp store bilete (1) (2) (3) (4)
|