Spesiell tilrettelegging

   Treng du tilrettelegging i studiet?

 

Alle studentar møter utfordringar i studietida, men nokre større enn andre. Er det vanskeleg å ta seg fram på vanleg måte, følgje ei forelesing, lese ei pensumtekst, eller vere del av ei stor forsamling?
Om du studerer hos oss, vil vi prøve å legge til rette det som er vanskeleg.

 

Kva er tilrettelegging?

Vi har to sortar tilrettelegging: Tilrettelegging av undervisning/ studiesituasjon, og av eksamen. Alle studentar skal ha like vilkår, og tilrettelegginga skal jamne ut forskjellar best mogleg.


Korleis kan undervisninga og studiesituasjonen

tilretteleggast?

Behova er ulike, og difor er også våre tilbod ulike. Men vi må vite i god tid kva du treng, slik at vi rekk å gjere noko. Kanskje kan vi flytte undervisning, fjerne hindringar eller få inn hjelp frå hjelpemiddelsentralen, NAV eller andre.

 

Kva gjer eg for å få tilrettelagt undervisning eller studiesituasjon?

Om du kjenner deg att i det vi skriv om her, så kontakt oss. Du finn kontaktpersonar for ulike felt her:  www.hivolda.no/tilrettelegging
Du kan også kontakte sørvistorget.

 

Korleis kan eksamen tilretteleggast?

Her er døme på kva vi gjer: Lenger eksamenstid (for allergi, amming, og mykje anna) PC med retteprogram (for dysleksi), tilgang til betre stol, eller kvilerom (vanlegvis for fysiske problem). Om du har behov som ikkje vert dekt av dette, så sei frå likevel; vi hjelper deg så langt vi kan.

 

Kva gjer eg for å få tilrettelagt eksamen?

Få attest som viser kva tilrettelegging du treng (frå lege eller liknande), og søk på eige skjema.
Frist hausten 2008 er 1. september!
Om det dukkar opp akutte behov etter fristen, hjelper vi så langt vi kan.

www.hivolda.no/student