Første dag

Offisiell studiestart er tysdag 19. august kl. 12.00 i Berte Kanutte-huset. Då er det fadderveke, og tid for å orientere seg og bli kjent på campus. Les meir.

 

Velkomen som student ved Høgskulen i Volda.  Som ny student lurer du nok på kva du skal gjere når du kjem hit. Tysdag 19. august kl. 12.00 er det offisiell opning av studieåret. Då vil rektor ønskje velkommen, og fadderveka startar.  Det er viktig at du møter til den dagen du har fått beskjed, eller melder frå om du ikkje kan møte, slik du ikkje risikerer å miste studieplassen.

 

Er du usikker på når ditt studium startar? Sjå under Informasjon om ditt studium

Du kan lese meir om fadderveka på www.hivolda.no/fadder.

 

Semesterkvittering

Er du ny student har du fått tilsendt giro med semesteravgifta på kr. 670 i posten. For ”gamle” studentar ligg betalingsinformasjonen i Studentweb.

Når denne er betalt kan du hente semesterkvitteringa i Sørvistorget (det tek eit par dagar før det er registrert i systemet).  For dei som ikkje er campusstudentar kan du få kvitteringa tilsendt ved å kontakte Sørvistorget: sorvistorget@hivolda.no. Semesterkvitteringa er beviset på at du er student ved HVO, og gir deg mellom anna utbetalt studielån, rett til å avlegge eksamen og studentrabattar.

 

I løpet av dei første dagane er det viktig du registrerer deg som student, for å få tilgang til StudentWeb, e-post og ClassFronter (sjå under Registrering).

 

Frist for registrering og betaling av semesteravgift er 1. september.

 

Studentkort
Dei første dagane får du laga studentkort i 3. etg på BK, der du blir fotografert. Du må ha med legitimasjon eller semesterkvittering, og får utdelt kortet med ein gong. Gyldig studentkort gir deg tilgang til Høgskulen sine IT-system for studentar, biblioteket og er din private nøkkel til Høgskulen. For studentar som startar seinare enn 1. september, kan få laga studentkort i Sørvistorget.