
Onsdag 10. september 2008 kl. 15.00 – 18.00
Symjehallen i Idrettsbygget ved Høgskulen i Volda
Rundskriv Udir-1-2008 om tilsyn med born og unge i vassmiljø inne og ute aktualiserer ei styrking av kyndige vaksne innan livberging.
Seksjon Idrett og Friluftsliv ved Høgskulen i Volda arrangerer onsdag 10.september 2008 eit tre timars oppfriskingskurs med innlagt test for livbergingsprøva.
Kurset er tilpassa lærarar i barnehage, grunnskule og badevakter for frivillige lag. Det er ein føresetnad at deltakarane kan å symje og dykke. (Opplegget er ikkje eit symje- og dykkekurs).
Som deltakar blir du sertfisert for opplæringsbasseng med djupne ned til 2 meter. Ved behov kan du også bli sertifisert for basseng med djupne på 4,5 meter og utandørstilsyn. (Dette gjeld m.a. brukarar av bassenget i Idrettsbygget i Volda). Brukarar som vil sertifiserast for dette må kunne dykke ned til 4,5 meter.
Kompetanse
Pris
Kr 400,- per deltakar
Påmelding
Meld deg på ved å fylle ut skjemaet under
eller ved å ringe 70 07 53 15 (Kontor for etter- og vidareutdanning)
innan 4. september.
Ved stor interesse kan det verte aktuelt å gjennomføre kurset også torsdag 11.september.