Ledige stillingar ved Høgskulen i Volda
Elektronisk søknad
Vi anbefaler at du registrerer deg som brukar før du søkjer på ei stilling. Du startar registreringa ved å klikke på boksa ny brukar over. Som registrert brukar får kan du gjenbruke opplysningar om personalia, utdanning og arbeidserfaring på fleire stillingar.
Søknad på ei stilling og innlegging av søknadstekst kan berre gjennomførast ein gong for kvar brukar. Vi anbefaler difor at du har søknadsteksten klar før du søkjer på ei stilling.
Søkjarar kan ikkje laste opp vedlegg til den elektroniske søknaden. Vi ber om at vedlegg til søknaden vert ettersendt i papirformat.
Vi har lagt ut ei test-stilling som du kan søkje på for å gjere deg kjent med systemet.
Ettersending av vedlegg til elektronisk søknad
Vi ber deg lese utlysingstekst og stillingsomtale nøye og merke deg kva krav og fristar som gjeld i forhold til ettersending av søknadsmateriell for den stillinga du søkjer på. Søkjarar er sjølv ansvarleg for at innsende vedlegg er komplette, i samsvar med krav i utlysingstekst og stillingsomtale og vert sendt innan fristen til: Personalkontoret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda. Vi ber søkjarar merke søknadspapira med stillingsnummer og vise til elektronisk søknad.
- Undervisnings- og forskarstillingar der søknadene skal til sakkunnig vurdering: Søkjarar vert bedne om å sende elektronisk søknad, deretter sende inn CV, kopi av hovudsfags/masteroppgåve og anna vitskapleg arbeid og rettkjende kopiar av vitnemål/attestar. Alle vedlegga skal vere i tre komplette og sorterte eksemplar i papirformat. Dersom vedlegga ikkje er komplette har ikkje søkjar krav på å verte vurdert. Vitskapleg materiale og andre søknadspapir vert så langt råd returnert når tilsetjingssaka er avslutta.
- Teknisk- administrative stillingar og korte faglege engasjement: Søkjarar vert bedne om å sende eitt eksemplar av rettkjende kopiar av vitnemål/attestar i papirformat innan ei veke etter søknadsfristen.
Søkjarlister
Så langt praktisk mogleg vil søkjarar vil få tilsendt søkjarliste til fortruleg orientering etter at søknadsfristen er ute. Vi gjer merksam på at søkjar sin CV vert nytta i utvida søkjarliste.
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentlig søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga som e-post til personal@hivolda.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje.
Spørsmål om søknadsprosedyre og saksgang kan rettast til personalkontoret
Personalsjef Sverre Tverberg, tlf.: 70 07 50 40
Førstekonsulent Anne Lena Erikstad Utgård, tlf.: 70 07 50 42
Førstekonsulent Elin Øye Halkjelsvik, halkje@hivolda.no, tlf.: 70 07 50 42
Oppdatert av Elin Øye Halkjelsvik 2009-03-05 11:20:21 | Publisert med NetEd : Publish



