Meistring av førskulelærarrolla i eit arbeidsfelt med lekmannspreg (MAFAL)

Prosjektansvarleg:
Prosjektleiar:
Løyvingsperiode og finansiering fra Noregs forskningsråd:

Høgskulen i Volda
Professor Peder Haug  Send e-post til professor Peder Haug
1.1.2008–31.12.2011


Noregs forskingsråd har gjennom programmet "Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning" tildelt Høgskulen i Volda 7,2 mill kr. for tre år. Dette er den største løyvinga HVO nokon gong har fått til eitt enkelt prosjekt.

Hovudmålet med prosjektet er å auke den forskingsbaserte kunnskapsstatusen på barnehageområdet. Prosjektmedarbeidarane vil gjennomføre ei landsomfattande spørjegransking på barnehagefeltet ut frå to overordna problemstillingar:

  • Korleis forstår og meistrar førskulelærarane yrket sitt? Dette vil dels bli studert i lys av grunnutdanninga og kvalifiseringa til yrket, og del i lys av arbeidsdelinga med assistentane.
  • Kva innhald og arbeidsmåtar finn vi i barnehagen?

Utgangspunktet for prosjektet er at kvalifisering til førskulelæraryrket skjer både gjennom livserfaring, gjennom førskulelærarutdanninga og gjennom arbeidet i barnehagen. For at førskulelærarane skal meistre yrket sitt, er det avgjerande at det er samanheng mellom utdanninga og dei utfordringane førskulelærarane møter i praksis. Eit sentralt spørsmål er om høgskulane verkeleg utdannar til kvardagen i barnehagen, og prosjektet spør også om arbeidet i barnehagen samsvarer med dei ideala ein finn i statlege styringsdokument.

Prosjektgruppa legg stor vekt på at analysar og funn frå prosjektet skal formidlast til ei brei offentlegheit i tillegg til vitskapleg publisering av forskingsresultata.

Prosjektet er eit tett samarbeid med Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo. Senteret skal gjennomføre den landsomfattande spørjeundersøkinga i eit representativt utval av barnehagar, og har eit ansvar for deler av forskingsarbeidet.

Det er tilsett tre stipendiatar på prosjektet: Liv Ingrid Håberg (frå 1.1.09) og Gerd Sylvi Steinnes (frå 1.8.08) har arbeidsplass i Volda, Mette Løvgren (frå 1.1.09) har arbeidsplass ved Senter for profesjonstudier ved Høgskolen i Oslo.

Del

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Bente Gunn Lien 2009-01-09 15:24:48 | Publisert med NetEd : Publish