4. studieår
I det fjerde studieåret skal studentane velje emne som rettar seg mot ulike fag og fagområde, mot spesielle arbeidsoppgåver eller mot spesielle trinn i grunnskulen.
Den valbare delen har eit omfang på 20 vekttal. Innanfor høgskulen sitt utdanningstilbod kan studentane velje einingar frå studieplanen i nye fag eller byggje vidare på fag dei alt har begynt på i den obligatoriske delen.
Studiet inneheld 2-4 veker praksis i det 4. studieåret.