Her kjem litt om det viktigaste verktøyet vi skal bruke i studiet, nemleg dataprogrammet kalla Classfronter (CF). All undervisning på dette studiet går føre seg på nettet via dette dataprogrammet. Sidan CF er basert på Internett, kan du gå inn på studiet frå alle stadar der du har tilgang til Internett. Alle kurs som nyttar CF, har minst eitt virtuelt rom som dokument og andre læringsressursar vert plassert i. Alle undervisningsaktivitetar er alltid knytt til kursroma.
Kva er Classfronter?
CF er di skulebygning på nettet. Ditt brukarnamn og passord fungerer som dine nøklar i skulebygningen. Nøklane dine passar til eit eller fleire Rom inne i skulebygningen, som du dermed får tilgang til og kan gå inn i.
Roma er fylt med møblar (dataspråk: moduler) for å dekke den funksjonen som Romet er tiltenkt. Dersom du har gått inn i eit undervisningsrom så vil dette typisk vere møblert med ei bokhylle (dataspråk: arkiv for lagring av dokumenter og fagstoff), det kan vere ei tavle (dataspråk: for skribling på ei felles tavle), det kan vere eit konferansebord (dataspråk: for å føre diskusjonar), det kan vere ein timeplan (dataspråk: kalender for oppføring av avtalar, innleveringar). I eit gruppe- eller kollokvierom kan det vere andre møblar, eller også kalla tenester. Det same gjeld for kantina, lærarromet, osb. Alle har ulik innreiing. Når du låser deg inn på skulen (dataspråk: loggar deg inn) vil du ha tilgang til eitt eller fleire Rom.
Skjermbileta er henta frå nokre av roma. Der kan vere nokre avvik mellom dei skjermbileta vi har brukt som døme her og dei de møter i dei roma de har tilgang til, men forskjellane er små. Skjermbiletet si inndeling, navigasjonen og funksjonaliteten i det vi skal behandle her er identisk.
Innhald i innføringsleksjonen
”Innføringsleksjonen” har fem delemne:
Del 1: ”Navigasjon” dreier seg om å finne fram på studiesidene og om enkel navigering i Classfronter.
Deretter kjem tre delleksjonar som tar for seg nokre av dei mest brukte verktøya i ClassFronter.
Del 2: ”Leksjonar” dreier seg om førelesingane/fagstoffet som blir lagt ut.
Del 3: ”Forum” dreier seg om nettstudentane sitt virtuelle klasserom. Her kommuniserer du med dine medstudentar og faglærer. Dersom du er aktiv på forum betalar det seg garantert i form av auka læring. Det er oppretta eit verktøy i klasserommet dykkar kalla "Forum".
Del 4: ”Oppgåver” dreiar seg om korleis innlevering av oppgåver går føre seg.
Til slutt kjem ein delleksjon
Del 5: ”Personleg side” handlar om korleis du kan legge inn informasjon og bilete på sida di. Dette oppfordrar vi dykk til å gjere. På den måten får tastetrykka et ansikt, eller i det minste ein illustrasjon :-)
Framfor alt: Ikkje ver redd for å gjere noko gale. Det er det du lærer av... også i denne leksjonen!
Del 1. NavigasjonKorleis finne fram på studiesidene
Slik finn du fram til studiet: Gå til: http://www.hivolda.no/asf/avdelingsside/index.html. Der finn du ei lenke til Nettbaserte studiar i venstre margen. Her finn du eit oversyn over nettstudia ved Avdeling for samfunnsfag. Trykkjer du på lenkja for ditt aktuelle studium kjem du inn på ei side der du finn informasjon om studiet som studieplan, pensum, eksamen m.m. Alle undervisningsaktivitetar på studiet går føre seg på nettet via eit dataprogram kalla Classfronter (CF). På studiet si nettside finn du ei lenke til innloggingssida, http://www.hivolda.no/studentkontoret/nettundervisning/index.htm. Når du loggar deg inn vil du få tilgang til undervisningsaktivitetane knytt til det studiet du er oppteken på.
Rettleiing når du har kome inn i Classfronter
Etter at du har logga deg inn på CF kjem du inn på ei startside som består av:
Ved å trykke på nedtrekksmenyen til høgre for Vel... får du ei oversikt over dei kursroma du har tilgang til, og kan "gå" til kursroma for det aktuelle kurset ved å velje det frå menyen.
Etter at du har valt eit kursrom kjem dei funksjonane (verktøya)som finnes i det romet til syne i venstre kolonne. Samtidig får du kursintern informasjon presentert i hovudvindauget.
I CF møter du heile vegen til to typar
Rom.
Det eine er ditt personlege rom, som alltid ligg på toppen (inneheld
vanlegvis kalender, kontaktar, dokument). Det personlege romet i CF inneheld dine personlege tenester. Det er administrator
som set opp kva tenester du skal ha i ditt personlege Rom, og dette kan variere
frå brukar til brukar. Du vil likevel alltid ha tenesta Dagens. Elles er det
vanleg med tenester som E-post, Kalender, Kontaktar, Dokumenter, osv.
Det andre er fellesrom, som du
finn i Rom-veljaren (inneheld forum, arkiv, lenkjer, m.m.). Fellesroma er lukka
Rom der tenestene og innhaldet er reservert for dei som har nøkkel til dette
Romet, dvs. at dei er deltakar i Rommet og kan gå inn.
Her finn du ei lenke til ei side som gir nærare informasjon om korleis Classfronter er bygt opp og verkar: http://www.hivolda.no/studentkontoret/nettundervisning/arkiv_gamle_filer/nettundervisning_v23/index.htm
Del 2. LeksjonarOpne ein leksjon
Når du skal opne ein leksjon, vil du i dei aller fleste tilfella finne leksjonen som ei fil under eitt av verktøya i venstre margen, i ei mappe som faglærar har oppretta for det føremålet. Mapper vert ofte brukt for å holde orden på leksjonane/filene. Mappene har eigne namn og samlar leksjonar/filer som høyrer saman. Ei mappe kan innehalde ei eller fleire undermapper. Mappene er ein måte å organisere store mengder informasjon på. Her er eit døme på korleis dette kan sjå ut:
Dersom du trykker på lenka ”Leksjonar”, vil du gjerne finne ei undermappe for kvar leksjon, slik som dette:
Kvar av desse mappene vil innehalde leksjonar, men dei kan også innehalde t.d. lenker og forum der de kan diskutere fagstoffet. Trykker dei på ei av mappene vil innhaldet kunne sjå slik ut:
Og då er det berre å trykke på leksjonen/fila så vil den opne seg, og de kan lese den.
Lagring av leksjonar/filer
Når du har framme ei nettside kan det vere greitt å lagre den på maskina di slik at du kan studere den i fred og ro. Særleg vil nok dette gjelde når du får større leksjonar som er sette saman av mange kapittel. Det er berre å trykkje på skrivarsymbolet, eller gå til rullegardinmenyen som heiter ”Fil” heilt oppe til venstre og så trykkje ”Skriv ut” – heilt på vanleg måte. Men dersom du vil lagre dokumentet på maskina, slik at du kan lese det på skjermen, og kanskje lagre det i ei spesiell mappe, gjer du slik:
Trykk på Fil heilt oppe til venstre i Nettlesaren. Gå nedover rullegardina og trykk på ”Lagre som..”
Det som no skjer, er at det vert opna eit dialogvindu for fillagring. Om du nyttar WIN98 eller nyare, vil automatisk mappa "mine dokumenter" bli opna. Lagre gjerne her, det er det Windows legg opp til, men det er opp til deg. Det viktigaste er å hugse kva du lagra kvar. Og gi det du lagrar fornuftige namn.
Om du er meir eller mindre einaste brukar av maskina, bør du lage deg ein eigen mappestruktur under "mine dokumenter" som du nytter i studiet.
Etter du har lagra kan du gjerne avslutte nettlesaren din. Telefonlinja blir då nedkopla (nokre oppsett krev at du koplar ned manuelt), og du kan arbeide vidare med stoffet utan å tenkje på at Telenor & co skal ha sitt.
Del 3. ForumFjernstudentane sitt virtuelle klasserom
Forum er vår erstatning for klasserommet til lokalstudentane. Nokon vil kanskje hevde at det er ei fattig erstatning, men eit forum som fungerer kan faktisk få med mykje av klasserommet sin nærleik. Forumkommunikasjon kan være forbløffande kreativt, samtidig som vi unngår "støy" som tunge parfymer og dårleg ande ;-)
Når du stiller eit spørsmål på forum, kan alle som vil svare. Dei kan ta seg god tid til å tenke over spørsmålet ditt... og sitt svar. Dette skil forum frå såkalla "chat", eller "Nettprat" som du kanskje har høyrt om i andre samanhengar.
Nokon av dykk har kanskje alt erfaring med ulike "diskusjonsforum" ...ofte dårlege erfaringar. GLØYM DET! I dette studiet er forum ein heilt nødvendig arbeidsreiskap, og Kardemommeloven vert handheva strengt. For enkelte av dykk er det difor nødvendig å "ta eit steg tilbake" og sjå på denne kommunikasjonskanalen med nye auge.
Den mest grunnleggande føresetnaden for at forum
(eit kvart klasserom for den del) skal fungere, er at det er menneske tilstade
i det! Difor kjem faglærar til å passe på at det er aktivitet på dei ulike
foruma. Du vil også få konkrete oppgåver som skal svarast på fagforum for eit
gitt emne.
VIKTIG!
For å unngå feil må du ikkje trykke
på "oppdater-knappen" eller fram og tilbake-knappane i nettlesaren.
Kva er forum?
Omtrent slik som i figuren nedanfor ser eit av våre forum ut når du har navigert deg fram til det. Eg brukar eit bilete frå eit forum for administratorar som eksempel.
I dette forumet ser de at det er to hovudinnlegg; eitt med tittelen ”Linkar” og eitt med tittelen ”Nokon som er inne her?” (NB! De bør tilstrebe å lage titlar på innlegga som har relativt høgt presisjonsnivå slik at det blir lett å sjå kva tema de tek opp). Oppe til høgre ser de at de har høve til enten å lage ei ny mappe eller til å starte ein ny diskusjon. I forumsamanheng kallar vi dette ein NY TRÅD. Grunnen til det, er at ei slik original melding kan få mange forgreiningar nedover i systemet. Dette startar med eit SVAR. Som du ser, har svaret fått ei kode framføre seg (Send svar:) Slik kan tråden fortsette i det teoretisk uendelige. Neste ledd er eit SVAR PÅ SVAR, som får koda ”Send svar: Send svar:” og så vidare. Ein kan velje å svare på ei melding kvar som helst i strukturen, enten det er et Svar (Send svar:) eller et svar på et svar (Send svar: Send svar:) eller det sjuande svaret på eit sjuande svar for den saks skuld.... Passe forvirra no?
Dersom de vil inn på eitt av hovudinnlegga, trykker de berre på filene. Då kjem de inn i eit bilete som ser nokolunde slik ut:
Her ser de at de kan vise heile diskusjonstreet, dvs. alle innlegga som er lagt inn ved å sette merke i boksen ”Vis heile diskusjonstreet”.
Då skal vi ta det pent og pynteleg og starte med å sjå på korleis vi opnar og les ei melding som alt er i forum.
Eg vel først ei av meldingane, i dette tilfellet eit tilfeldig valt innlegg frå eitt av roma. Dersom de set merke i boksen ”Detaljar”, får de opp informasjon om kven som har skrive innlegget, når det vart skrive og kor mange som har svart på det. Bit merke i det allereie no. Det er få som gidd å svare på eit gamalt innlegg. Om det går lengre tid før nokon har svart..., ikkje gi deg... skriv eit nytt. Teksta ”Nokon som er inne her?” er ei LENKE som opnar meldinga.
Slik ser meldinga ut når eg har opna den. Den meldinga eg har opna, er UTHEVA. No har eg fleire val etter å ha lest meldinga. Eg kan gå tilbake til oversikten på første nivå i forumet ved å klikke på mappa: ”FORUM”. Eg kan lese andre meldingar, eller eg kan ”SVARE PÅ DENNE MELDINGA”. Eg vel å svare på meldinga.
No kjem den opphavlege meldinga opp på nytt, men no kan du redigere både TITTELEN
og meldingsteksta. Du ser også at Torbjørn Frantsen er dukka opp utheva i overkant...
som avsendar.
Du SKRIV INN ditt svar i den Innhald-boksen. Når du er fornøgd, klikkar du på LAGRE.
(Dersom du har behov for å skrive ei meir avansert melding kan du trykke på Editor-knappen. Då får du opp ei ny side der du kan skrive inn melding, og i tillegg endre skrifttypar, fargar, sette inn bilete m.m. Når du er fornøgd, klikkar du på Lagre-symbolet , og då kjem du tilbake til den sida der du svarer på meldinga, og trykker på Lagre-knappen nede til høgre.)
Del 4. OppgåveinnleveringEin annan sentral studieaktivitet ved nettstudiet er innlevering av oppgåver med tilbakemelding frå faglærar. Vi skal difor ta ein rask gjennomgang av korleis dette fungerer i Classfronter.
Vi går ut i frå ein tenkt situasjon der du har skrive ei innleveringsoppgåve som du har lagra ein stad på di eiga maskin, klar for innlevering. Dersom du er inne på romet og trykker på verktøyet ”Innlevering” (dette verktøyet kan, avhengig av korleis faglærar har innreia klasseromet, enten ha ein eigen verktøyknapp eller ligge som ei mappe i ”RomArkiv”). Du får då opp eit bilete som ser nokolunde slik ut:
Her trykker du t.d. på LENKA ”1. innlevering” som opnar mappa. Då vil biletet sjå slik ut før nokon har levert inn oppgåva si:
Her kan det stå ein omtale av mappa og kva tidsrom mappa er open (mest aktuelt fram til ein innleveringsfrist). I tillegg ser de at der er ei lenke kalla ”Last opp fil”. Når de skal levere oppgåva, trykker de på denne lenka. Då får de opp ei side som ser slik ut:
Her trykker de på , og deretter leitar de dykk fram til den staden der de har lagra oppgåva dykkar og trykker ”Åpne”. I Tittel-feltet dykkar skriv de namnet dykkar (slik at det blir lett å skilje oppgåvene frå kvarandre). Til slutt trykker de ”Lagre”. Dermed er oppgåva innlevert.
NB! Det er berre faglærar som vil sjå alle oppgåvene, og de vil dermed ikkje kunne sjå kvarandre sine oppgåver.
Del 5. Personleg sideKorleis kome inn på personleg side
Ein får vite litt om kvar enkelt deltakar ved å klikke på ”Deltakarar” i et rom, eller søke opp ein person under ”kontaktar” på di personlege verktøylinje. I slike namnelister ein finn her kan ein klikke på namnet til vedkomande for å se på vedkomande sin presentasjon.
På din eigen dagens (den sida du får opp når du loggar deg inn eller når du trykker på ”MinDagens”) finn du namnet ditt oppe til venstre.
Ved å klikke på namnet ditt kjem du inn på di personlege side.
Opplysningar på personleg side
Personleg side har to føremål. For det første er det eit administrativt verktøy både for deg og for oss. For det andre representerer personleg side ei muligheit til å minske avstanden mellom menneska vi møter i dette fjernstudiet.
NB! Det er den e-postadressa du er ført opp med her som styrer kvar vi sender informasjon i samband med studiet. Dersom du ikkje har rett e-postadresse, kan vi miste kontakten med deg.
Sjekk om opplysningane vi har om deg stemmer. Vi kan ikkje vite om noko er feilregistrert utan at du gir oss tilbakemeldingar. Adresseopplysningane kan du endre sjølv, under "Oppdatering av studentopplysninger" på Studentweb. Dette er viktig for at vi skal kunne sende informasjon til riktig adresse og kunne nå deg på telefon. Kontaktadresse er adressa til næraste pårørande. Dersom noko av informasjonen ikkje stemmer og du ikkje sjølv kan endre den, eller om du har spørsmål, send oss ein e-post ved å trykke på Henvendelser: studentkontoret@hivolda.no Du kan også ringe Studentkontoret på telefon: 70 07 50 18 (10-14).
VIKTIG!
Også her er det ein dårleg ide å trykke på "oppdater-knappen".
Bruk lenker og knappar.
Legge inn meir informasjon på personleg side:
Første gong du går inn på di personlege side, vil du finne namn og adresseopplysingar ferdig utfylt.
Ein skriftleg presentasjon er ei unik muligheit for å presentere seg gjennomtenkt og varig, i motsetning til det som ofte skjer ansikt til ansikt. I den ruta der det står Meir informasjon kan og bør de legge inn informasjon som kan være nyttig for andre. Relevant informasjon er t.d. kvar du kjem frå, arbeidsplass, utdanningsbakgrunn og arbeidserfaring, hobbyer og generelle interesser.
Legge inn bilete på personleg side.
På personleg side kan ein også legge inn bilete av seg sjølv.
Ein kan då bruke scanner eller eit digitalt fotoapparat for
å få biletet inn på maskina. Men det som er viktig er å behandle biletet i eit
bildebehandlingsprogram før ein legg det ut. Her kan ein for eksempel bruke
Paint Shop Pro. Dette er eit program du kan laste ned i frå internett. Du finn
det på denne sida: http://www.jasc.com/ (Dette
programmet kan du prøve gratis i 30 dagar).
Det ein skal gjere i programmet her er å fastsetje kva storleik biletet skal ha. Det er viktig at vi gjer dette for at lengd og breidd skal vere proposjonalt med kvarandre, slik at vi ikkje vert lange og smale eller korte og breie. Når vi har henta inn biletet som vi har scanna inn eller overført frå digitalt kamera går vi opp på ”Image” og vel ”Resize”. Ein kan her bruke anten inches eller cm.
Vel ein cm. er eit bilete på ca 4x5 cm. passeleg. Når ein har fått biletet slik
ein vil ha det, lagrar ein det som jpg fil. Gå til ”Fil”+ ”Lagre som”. Gi fila
di eit namn, og vel jpg som filtype. Pass på å lagre biletet ein plass der du
finn det att. Når du skal legge inn biletet, går du heilt ned på personleg side.
Trykk på ”Bla gjennom”, og finn fram til der du lagra fila.
Når du har funne rette fila, klikkar du på ”Åpne”. Med det er biletet på plass.
Hugs å klikke på "Lagre", slik at endringane vert lagra.
Oppgåver til "Innføringsleksjonen"
Lukke til !
.................................................................................................................................................................
Alle rettar: Høgskulen i Volda.
270103
Forfattar: Håkon Bø