30 studiepoeng (10 vt.) vidareutdanning - ein obligatorisk modul i mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging
Mastergrad
i samfunnsplanlegging
Dette er ei toårig yrkesretta vidareutdanning
for folk med minimum tre år høgare utdanning. Studiet passar godt
for dei som ønskjer eit djupare teoretisk fundament og ei kritisk forståing
av metodar for plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar. Studiet
kan takast på heiltid eller deltid.
Mastergradstudiet i samfunnsplanlegging er samansett av fire tivekttalsmodular som saman utgjer 120 studiepoeng (40 vt).To modular er obligatoriske og to er valfrie. Dei obligatoriske modulane er Fellesmodulen i samfunnsplanlegging og Integrasjonsmodulen med masteroppgåve.
Læringsmål
Målet med Integrasjonsmodulen
med masteroppgåve er å gi studentane vitskapsteoretisk og metodisk
innsikt i plan- og utgreiingsarbeid som grunnlag for utarbeiding av masteroppgåva.
Det blir lagt vekt på å samanstille og utvikle den teoretiske og praktiske
kompetansen til studentane.
Undervisning og oppgåveskriving
Undervisninga er lagt opp med fem vekesamlingar fordelt på heile studieåret.
Undervisningsopplegget er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon
og drøfting av pensum.
I samråd med dei faglansvarlege skal studentane velje tema for ei masteroppgåve. Oppgåva skal vere eit skriftleg arbeid som drøftar ei avgrensa problemstilling. Studentane kan gjerne ta utgangspunkt i problemstillingar frå eigen praksis og drøfte dei i lys av teoriar, modellar og aktuell forståing. Arbeidet med oppgåva vert tillagt stor vekt i læringsprosessen og det vil difor bli avsett tid på kvar samling til å drøfte tema, problemstillingar og metodiske tilnærmingar. På den siste samlinga skal kvar student gi ein omfattande presentasjon av eiga oppgåve. Oppgåvearbeidet strekkjer seg over heile studieåret og blir knytt til samlingane på denne måten:
· Samling 1: Val
av tema
· Samling 2: Val av problemstilling og utkast til prosjektdesign
· Samling 3: Innsamling og vurdering av data. Disposisjon med utfyllande
kommentarar
· Samling 4: Første utkast til masteroppgåve
· Samling 5: Framlegging/presentasjon av masteroppgåva
Pensum
Kvar student skal legge opp eit pensum på minst 2000 sider. Av
dette er 1000 sider sams for alle som deltek på kurset. Resten er tilpassa
tema for masteroppgåva og skal godkjennast av rettleiaren. Fellespensumet
dekkjer grunnlagsproblematikk i samfunnsvitskapane, prosjektdesign, ulike metodiske
tilnærmingar og rapportskriving.
Evaluering
Oppgåva får
eigen karakter som kan bli justert etter munnleg. Ved munnleg eksamen må
studentane forsvare oppgåva og svare på spørsmål frå metodepensum. Oppgåva
tel to tredelar og munnleg ein tredel når den endelege karakteren for modulen
skal fastsetjast.
Kompetanse
Masterutdanninga vil vere
sidestilt med hovudfag, m.a. med tanke på vidare doktorgradsstudium.
Opptakskrav til Integrasjonsmodulen med masteroppgåve
Søkjarane
må ha minimum 60 vekttal grunnutdanning og tre godkjende tivekttalsmodular
på mastergradsnivå. Ein av desse modulen må vere den obligatoriske
Fellesmodulen i samfunnsplanlegging. Søkarar som er cand. mag. eller
har utdanning ut over fire år (80 vekttal eller meir), kan få fritak
for ein valfri modul, og treng difor berre to godkjende tivekttalsmodular på
mastergradsnivå for å søke den avsluttande modulen.
Det er høve til å velje dei valfrie modulane frå ein meny av førehandsgodkjente modular eller søke om å få godkjent andre modular. Modulane må vere på minst ti vekttal og på mastergradsnivå. Det er vidare høve til å søke om innpassing/oppgradering av tidlegare utdanning. Sjå studieplanen for mastergradsstudiet.
Opptaket til den avsluttande Integrasjonsmodulen med masteroppgåve skjer på grunnlag av karakterane som er oppnådde i dei andre mastergradsmodulane som inngår i graden. Oppnådd gjennomsnittskarakter på desse modulane må vere minst 2,7.
Søkarane vil blir prioriterte etter oppnådd gjennomsnittskarakter for dei gjennomførte modulane. Søkarar i opptaksgrupper der det krevst relevant praksis, må dokumentere at dei oppfyller gjeldande praksiskrav. Søkarane bør ha grunnleggande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetode. Vi viser elles til opptakskrava i studieplanen for Master i samfunnsplanlegging.
Studiekostnader
Undervisninga
er gratis, men studentane må betale vanleg semesteravgift til høgskulen
og avgift til Studentsamskipnaden for Sunnmøre.
Studiestad
Høgskulen i Volda.
Fagleg ansvarlege
Avdeling for
samfunnsfag, Institutt for kommunalfag ved førsteamanuensis Jon Olav Myklebust
(hovudansvarleg), professor Jørgen Amdam og førsteamanuensis Roar
Amdam.
Meir informasjon
For meir informasjon viser vi til studieplanar,
kursomtalar, og søknadskjema som du finn i menyen venstre. Du kan også ta kontakt
med høgskulen og be om å få tilsendt informasjon og søknadsskjema.
Søknadsfrist: 15. april (1. mars for førehandsopptak)