Livsløpsperspektiv i samfunnsplanlegging
30 studiepoeng vidareutdanning. Kan inngå som valfri modul i mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging. Modulen startar opp hausten 2001. Målgruppe
Dette er ein modul
for kandidatar med treårig profesjonsutdanning eller med anna høgare utdanning.
Modulen høver som vidareutdanning for administrasjonssjefar, sektorsjefar, planleggarar
og fagfolk i kommunale etatar, og for politikarar og aktørar i den frivillige
sektoren. Studiet er også aktuelt for dei som vil gå direkte frå grunnutdanning
til masterutdanninga. Modulen vil kunne innpassast som ein valfri modul i mastergradsutdanninga
i samfunnsplanlegging ved Institutt for kommunalfag. Undervisninga er tilrettelagd
for studentar både på heiltid og deltid. Modulen legg vekt på livsløpsteori og
korleis slik teoretisk tilnærming kan brukast som reiskap i kommunal planlegging.
Modulen vil fokusere både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, men ha hovudvekt
på planlegging lokalt (kommunenivå). Studentane skal gjennom studiet utvikle:
Målet er å fremje kunnskap om korleis ein kan utvikle og utforme planar med eit langt tidsperspektiv og som tek omsyn til ulike befolkningsgrupper. Eit livsløpsperspektiv i planlegginga vil innebere heilskapleg planlegging. Dersom ein i større grad legg eit slikt perspektiv til grunn, kan det mellom anna medverke til betre livskvalitet, meir rasjonell ressursutnytting, effektivt tverrsektorielt samarbeid og robuste sosiale miljø.
Innhald og organisering
Undervisninga er konsentrert
til fem vekesamlingar fordelt på haust- og vårsemesteret. Kvar samling er sett
saman av om lag 15 timar forelesingar og om lag 15 timar gruppearbeid/øvingar/seminar.
Samling 1: Livsløpsteori.
Den første samlinga skal gje kunnskap om
sentrale tema innan livsløpsteori og livsløpsforsking. Dette er viktige utgangspunkt
for dei neste samlingane. Livsløpstilnærminga knyter samlingane saman.
Samling 2: Planlegging på langs – fokus på ulike grupper.
Samlinga
ser nærare på korleis livsløpsperspektivet kan integrerast i planleggingstenkinga.
Ulike oppgåver skal ikkje berre henge saman på tvers, dei skal også henge saman
på langs – frå »vogge til grav». Planlegginga må også ta omsyn til at samansetjinga
av befolkninga stadig endrar seg.
Samling 3: Den gode staden/det
aktive samfunnet.
Denne samlinga set søkelyset på korleis ein kan utforme
og legge til rette samfunn der folk vil bu og trivast. Korleis kan ein skape gode
lokalsamfunn? I tilknyting til denne samlinga er det også aktuelt å sjå på samanhengen
mellom fysiske strukturar og sosiale dimensjonar. Kan ein skape gode nærmiljø
ved hjelp av institusjonaliserte aktivitetar og tilbod?
Samling
4: Integrert planlegging.
Denne samlinga tek sikte på å gje ei innføring
i dei nasjonale føringane som kan knytast til tema for modulen. Samlinga tek vidare
sikte på å gje studentane kunnskap om ideologi og politikk som kan ligge bak integreringstilnærminga
i planlegginga. Fleire store samfunnsoppgåver må finne løysingar i lokalsamfunnet.
Samling 5: Studietur.
I den siste samlinga blir det arrangert ein
studietur/ekskursjon. I tilknyting til studieturen skal det skrivast ein rapport
som skal leverast inn til godkjenning. Dei som ikkje er med på turen, skal også
levere eit skriftleg arbeid i samband med denne samlinga.
Undervisningsformer
og pensum
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar,
gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum. Det er mange praktiske øvingar
med utgangspunkt iutfordringar studentane har møtt i eige arbeid. Undervisningsformer
prega av open kommunikasjon og kreativ problemløysing blir prioritert. Det er
ein føresetnad at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane. Pensum er om
lag 2000 sider.
Evaluering og kompetanse
Vurderinga er
ein 8 timars skriftleg individuell skuleeksamen. Modulen kan inngå i studieløyper
fram mot eittårig vidareutdanning i kommunal organisering og leiing, cand.mag.-graden
og som ein valfri modul i mastergraden i samfunnsplanlegging.
Opptak
Grunnlaget for opptak er tre år høgare utdanning. Opptakskrava
er meir spesifiserte i studieplanen for mastergradeni samfunnsplanlegging. Talet
på studentar er avgrensa til 25.
Studiekostnader
Undervisninga
er gratis, men studentane må betale vanleg semesteravgift til høgskulen og avgift
til Studentsamskipnaden for Sunnmøre.
Studiestad
Høgskulen
i Volda.
Fagleg ansvar
Avdeling for samfunnsfag, Institutt
for kommunalfag ved førstelektor Sveinung Dimmen og førsteamanuensis Jon Olav
Myklebust. Høgskulelektor Randi Bergem er koordinator.
Meir informasjon
For meir informasjon viser vi til studieplanar, kursomtalar, og søknadskjema som
du finn i menyen venstre. Du kan også ta kontakt med høgskulen og be om å få tilsendt
informasjon og søknadsskjema.
Søknadsfrist: 15. april (1. mars for førehandsopptak)
Sist oppdatert 12.02.01.