Høgskulen i Volda har som den einaste høgskulen i landet fått godkjenning frå departementet til å tilby eit mastergradsstudium i samfunnsplanlegging. Dette er ei toårig yrkesretta vidareutdanning for folk med minimum tre år høgare utdanning. Studiet passar godt for dei som ønskjer eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar.
Studiet er totalt på 120 poeng. Av dette er 75 poeng obligatoriske og 45 poeng valfrie. Studiet er samansett av emne på 15, 30 og 45 poeng. Emna Regional planlegging og utvikling (15 poeng), Offentleg organisering og leiing (15 poeng) samt Forskingsmetode og masteroppgåve (45 poeng) er obligatorisk. Ein kan velje dei valfrie emna frå ein meny av førehandsgodkjende emne, eller søke om å få godkjend andre emne
Alle emna med unntak av Forskingsmetode og masteroppgåve, kan takast som frittståande vidareutdanningar.
Undervisninga i kvart av emna som blir gitt av Høgskulen i Volda, er konsentrert til mellom fem og seks vekesamlingar fordelt på haust- og vårsemesteret. Dette gjer at studiet kan takast på heiltid- eller deltid.
Semesterplanen finn du her.