Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Lån og tenester / Eksterne brukarar /

Bibliotektenester til eksterne brukarar

Biblioteket ser det som ei av oppgåvene sine å yte tenester innan studium og forsking også til andre enn studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda. Vi understrekar at det er studium og forsking som er vårt område. Dei som driv med aktivitetar av dette slaget, kan registrere seg som lånarar hos oss, og låne bøker og anna materiale så lenge dei held seg til lånereglane. For å få lånekort må ein vere ferdig med grunnskulen. Nokre detaljar:.

  • Innlån utfører vi innan rimelege grenser, såframt litteraturbehovet er direkte knytt til studium eller forsking. Utnytt først våre eigne samlingar.
  • Innlån frå nordiske bibliotek er til vanleg gratis. Men innlån, kopiar og andre tenester som vi får spesielle rekningar på, kan biblioteket krevje betaling for. (For kopiar er prisen kr. 5 pr. side.) 
  • I dei tilfelle der det er snakk om innlån, og du kjenner framgangsmåten, kan bestillingane sendast via Bibsys.
  • Du må sjølv kome hit og hente reserverte bøker.
  • Innlån frå land utanom Norden utfører vi normalt sett ikkje for eksterne kundar
  • Ta kontakt så får du rettleiing om søking og bruk av biblioteket elles


 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ragnhild Halsen 10.11.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning