Skriv ut Sideoversikt |  



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden





Ressursside for tilsette
For studentar / Sørvistorg | Praktisk info /

Stipend og lån

Informasjon frå Lånekassa
For meir informasjon, sjå Lånekassa på nettet: www.lanekassen.no

No kan du ta i bruk Lånekassa sin nettsøknad for studieåret 2004–2005!

Enkel og sikker utfylling
Utfyllinga er enklare på nettet. Du får berre spørsmål som er relevante for deg, og det er ikkje mogleg å gløyme noko i utfyllinga av nettsøknaden. Dersom du må dokumentere noko i søknaden, får du melding om det. Du kan sende dokumentasjonen som eit elektronisk vedlegg til nettsøknaden, eller du kan ettersende den.

Du må ha studieplass
Så snart du har fått studieplass, kan du sende søknaden din om stipend og lån via nettet. Finn du ikkje den utdanninga du skal ta i oversikta på nettsøknaden, må du bruke papirblanketten og sende den inn via høgskulen.

Sjekk resultatet på www.lanekassen.no
Nokre dagar etter at søknaden er sendt over nettet, kan du sjekke ”Dine sider” på www.lanekassen.no om søknaden din er handsama og kor mykje pengar du får.

Pengane kjem til høgskulen
Dess tidligare du søkjer, dess større er sjansen for at utbetalinga er klar ved semesterstart. Svaret på søknaden blir sendt til høgskulen, og du må personleg hente det der. Dersom du er ute i praksis eller er student på eit studium utan undervisning i Volda, kan du få studielånet ditt tilsendt. Kontakt oss på studentkontoret@hivolda.no .



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Aktuelt for studentar
Ny ordbokteneste i biblioteket
21.09.2005


 Studentaktivitetar

Studenttinget i Volda

Studenthuset Rokken

> Lag og organisasjonar
Oppdatert av  Kristian Fuglseth 02.08.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning