Kontakt

Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11,
6101 Volda

Postmottak@hivolda.no
Til kontaktsider

 

 

Slik søkjer du om studieplass ved Høgskulen i Volda

SAMORDNA OPPTAK - koordinerer opptaka til dei fleste grunnstudium ved universitet og høgskular. 
Opent for søkjarar for studiestart hausten 2009 for dei som vil søkje årsstudium, bachelorstudium og allmennlærarutdanning.


> Du kan søkje fram til søknadsfristen 15. april på Samordna opptak sine sider. Kun elektronisk søknad.

> 1. mars er søknadsfrist for søkjarar med dokumenterte grunnar for tidlig opptak eller særskilt vurdering, IB , vidaregående utdanning fra land utanfor Norden og søkjarar som ber om realkompetansevurdering.

> Seinast i slutten av mai vil du få tilsendt omslagsark og melding om kva lærestad som skal handsame søknaden din.

> Innan oppgitt frist sender du det utfylte omslagsarket saman med stadfesta kopiar av vitnemål og attestar til denne lærestaden.

> Du vil også finne informasjon om studietilbod, fristar og opptaksreglar i Søkerhandboka. 


LOKALOPPTAKET - her søkjer du om opptak til våre vidareutdanningar og mastergradsstudium.

> Du kan søkje fram til søknadsfristen 15. april på Søknadsweb for elektronisk søknad eller bestille søknadsskjema.

> 1. mars var søknadsfrist for søkjarar med dokumenterte grunnar for tidlig opptak og søkjarar som ber om realkompetansevurdering. Du kan søkje om realkompetansevurdering på eit seinare tidspunkt, men då vil søknaden bli sakshandsama berre dersom det er ledig kapasitet.

> Innan fastsett frist skal du sende inn stadfesta kopiar av vitnemål og attestar til:
Høgskulen i Volda, Boks 114 Opptak, 6101 Volda

> Du finn meir informasjon om våre studieprogram i studiekatalogen på nettet

> Sjekk oversikta  med fristar og prosedyrar for opptaket  

Oppstart av studietilboda er avhengig av søkjartala og ressurssituasjonen ved høgskulen.


UNDERVISNINGSOPPTAK (FAGVAL) - for interne studentar
Studentar som er inne i eit fleirårig bachelor- eller mastergradsstudium skal gjennomføre undervisningopptak kvart semester for å velge emne for komande semester/studieår. Les meir på  sida om undervisningsopptaket her.

Del

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Per Johan Ramsli 2009-03-30 09:21:17 | Publisert med NetEd : Publish

 

 

Vikersund